Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Støtteordningar for vekst og innovasjon.

6 november, 2019 @ 10:00 12:00

Aldri før har det vore så monge støtteordningar for små og mellomstore verksemder.
Korleis kan ein få oversikt og finne akkurat dei støtteordningane som kan passe for di utvikling?

Me får besøk frå Valide Haugesund som vil fortelja meir om VRI, Validé inkubator og Connect BAN Haugesund.
Du vil også få informasjon og også hjelp til å søkje SkatteFUNN.
I tillegg få innblikk i kva Norsk Katapult kan være ein viktig partner i utviklingsprosjekt.

VRI – verkemidlar for regional innovasjon skal bidra til auka samarbeid mellom forsking og næringsliv. Virkemidlane du får høyre meir om er:
Forprosjekt, student til låns, nettverksmøter og kompetansemekling.

Validé inkubator – skal utvikle bedrifter frå idé til kommersiell suksess.
Validé jobbar spissa mot innovative forretningsidear for å skape nye vekstbedrifter gjennom å tilføre kompetanse, nettverk og kapital.

Connect BAN Haugesund – er eit engleinvestornettverk som investerer i tidlegfaseselskap, både med kapital og kunnskap. Nettverket har eksistert i eitt år og har gjort fleire investeringar. Dei ønskjer fleire investeringscase og investorar!

SkatteFUNN –SkatteFUNN (Skattefradrag for Forsking og Utvikling i et Nyskapande Næringsliv) er en rettighetsbasert skattefradragsordning som skal motivere norsk næringsliv til å auke sin satsing på forsking og utvikling (FoU).

Regionale Forskingsfond – Vestlandet støttar forskingsprosjekt som gir ny kunnskap, utnyttar vestnorske fortrinn og bidrar til å løyse utfordringar for bedrifter og kommunar på Vestlandet.

Norsk Katapult – er en ordning med nasjonale sentre som tilbyr fasilitetar, utstyr, kompetanse og nettverk. Katapult-setrene gjer det enklare for verksemder å utvikla prototypar, teste, simulere og visualisere, slik at idear blir utvikla raskare, betre og med mindre risiko. 

Seminaret passar for:

  • Gründerar.
  • Produksjons- og industribedrifter.
  • Bedrifter som kan ha/ønskjer å etablere eit utviklingsprosjekt.
  • Bedrifter som ønskjer å vekse.
  • Bedrifter som treng kontakt med eit FoU-miljø.

Påmelding til: post@suldalvekst.no eller SMS til 905 66 358
Påmeldingsfrist 4. November
Det vert enkel brunsj/lunsj servering.

Arrangementet er gratis!

Suldal Vekst

Sandsvegen 134
Sand, 4230 Norway
+ Google-kart
www.SuldalVekst.no