Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Vegen til verdens beste miljørekneskap

Har du høyrt om The Minus Way? Ikkje? Dette arrangementet må du få med deg!

27 september, 2022 @ 10:00 11:00

Erik Aldner er co-funder av Minus og Nuen, og vil forelje om Minus og korleis dei gjennom metoden The Minus Way jobbar med sirkulærøkonomi i verdikjeda.

Minus har som mål å lage ein komplett verdikjede for møbel som lagrar meir karbon enn den slepp ut, tilfører meir energi enn den brukar, er positiv for biologisk mangfald og er 100 % transparent når det kjem til menneskerettar og arbeidsforhold.

Kva er sirkulærøkonomi, korleis tenkjer me sirkulært og kvifor er det bra for business?

Sirkulærøkonomi er del av løysinga og svaret på klima- og miljøutfordringane me står ovanfor. EU har sett som mål om 100 % sirkulært innan 2050. I Noreg – i 2022 – er me på 2,4 %. Det betyr at mange av dagens forretningsmodellar ikkje er tilpassa framtida og den sirkulære økonomien.

Arrangementet er gratis og vil også bli streama. Du må melde deg på anten du deltek fysisk eller vil ha lenke tilsendt for streaming.

Påmelding gjer du HER.

Arrangementet er del av Nyskapingsuka.