
- Denne hending er over.
Vekst:LAB Reiseliv
18 februar @ 08:30 – 19 februar @ 15:30
Er du interessert i å utvikle nye reiselivsprodukt og aktivitetar? Eller gjerne forsterke dei du allereie har?
No kan alle som ønskjer å starte eller få vekst i eksisterande reiselivsbedrift lære seg nye verktøy for raskare å avklare idear og metodar. I samarbeid med Innovation Dock er du med dette invitert til Vekst:Lab – ein to dagars workshop for reiselivsnæringa i Ryfylke.
Verktøyet du blir kjent med er utvikla av Massachusettes Instituteof Technology (MIT) for å jobbe med utfordringar og finne nye og betre løysingar for reiselivsnæringa.
Innovation Dock har ilag med Rogaland Fylkeskommune utvikla eit verktøy for å utvikle fleire reiselivsprodukt og aktivitetar, samt styrke og utvikle allereie eksisterande opplevingar.
Foto: InnovationDock
KVEN ER PROGRAMMET FOR?
- For deg som ønskjer å starte eiga reiselivsbedrift
- Du som allereie er i drift og ønskjer vekst
- Studentar som er interessert i feltet
- Du som jobbar med å hjelpe oppstarts– og vekstselskap
- …og har tilknytning til Ryfylke
KVIFOR DELTA?
Auke kompetanse, nettverk og verktøy for raskare å avklare idear og metodar for etablering eller utvikling. Innovation Dock bidrar til å sjå på kva moglegheiter som kan liggje i å utvikle reiselivsnæringa i Ryfylke.
KVEN MØTER DU?
Innovation Dock er etablert som eit co-working space i Stavanger øst, og huser i dag i underkant av 70 bedrifter. I tillegg har dei ei rekkje program, seminar og kurs retta mot oppstarts– og vekstselskap. Workshopen blir leia av erfarne personar med god erfaring i å gjennomføre utviklingsprogram for oppstarts- og vekstselskap.
PRAKTISK
NÅR: TYS- ONSD, 18.-19. februar 2020
KL: Dørene opnar 08:30, med oppstart: 09:00-15:30 begge dagar. (Lunch og snacks inkludert)
KOR: Suldal Vekst, Sandsvegen134, 4230 Sand
NB! Påmeldingsfrist: 11. februar
KVA KOSTAR DET?
Programmet er finansiert av Rogaland Fylkeskommune, og er gratis.