Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Gratis webinar: Slik søkjer du kontantstøtte – Utsett til tysdag 21. april – 09:00

21 april @ 09:00 10:00

I samarbeid med Suldal Næringsforening inviterer me næringslivet til webinar fredag 17. april klokka 14:00 der hovudtema er kompensasjonsordninga for bedrifter som kan søkje om å få dekt nødvendige utgifter.

Dersom bedrifta di har blitt pålagt av staten å stengje, eller har inntektsreduksjon på over 30 % (20 % for mars), kan du søkje om kompensasjon for å dekkje nødvendige kostnader. Me går gjennom kva du treng å førebu og gjer ein praktisk gjennomgang av korleis søknaden skal sendast inn. Det er mogleg å stille spørsmål undervegs i webinaret og me vil svare alle påmeldte i etterkant.

MELD DEG PÅ HER

I webinaret vil me mellom anna svare på:

  • Kven ordninga vil gjelde for
  • Kva som blir dekt av denne ordninga
  • Kor mykje kan du få dekt
  • Kva dokumentasjon på på plass før du kan søkje
  • Kor og korleis søkje kompensasjon

Me er også innom andre tiltak det er viktig at du kjenner til.

Webinaret blir gjennomført av Suldal Vekst og Suldal Næringsforening.