Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Webinar: Kva må me lære av året som har gått for å forstå kva me skal gjere i året som kjem?

4 desember @ 08:00 09:00

I utgangspunktet ville me invitert til ein fysisk adventsfrukost, men denne pandemien gir diverre ikkje rom for dette. I samarbeid med Nasjonalparken Næringshage ønskjer me deg likevel veldig velkommen til ein digital «frukost» med fagleg innhald!

Strategisk rådgjevar frå Atea, Lars Iversen, er føredragshaldar med følgjande tematikk:

Post-korona og det digitale skiftet – verda er endra for alltid og kva betyr det for deg?

2020 vil først og fremst bli huska for pandemien, men også for at den bidrog til å auke digitaliseringa dramatisk. Det blir sett verdsrekordar i digital transformasjon kvar dag. Endringar me for eitt år sidan trudde skulle fleire tiår viste seg å kunne gjerast på få månader. Den nye normalen erher for å bli på mange område. Det betyr at kundane våre har nye forventningar, noko som også betyr moglegheiter om me spelar korta våre rett.

Så kva må me lære av året som har gått for å forstå kva me skal gjere i året som kjem?

Lars Iversen vil ta oss med på ei lita reise slik at me betre kan forstå kva som har skjedd i 2020 og kva som kjem til å skje i 2021. Han jobbar i frontlinjene for det digitale skiftet og er rådgivar til mange kommunar og selskap som t.d. Enova, SalMar, Torghatten, HENT, Helsedirektoratet med fleire.

Webinaret passar for bedrifter, gründerar og sjølvstendig næringsdrivande

Pris: Dette webinaret gir fri deltaking for samarbeidsbedriftene til Suldal Vekst. Dette betyr at aksjonærar og målbedrifter i næringshageprogrammet vårt kan delta kostnadsfritt. Rabattkode er sendt i e-post.

Ordinær pris er kr 250,-.

Velkommen!