Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Workshop: Aktivitetsturisme i Suldal

26 januar, 2022 @ 18:00 21:00

Kva moglegheiter har me for å utvikle fleire aktivitetar og arrangement på reisemålet Suldal? Korleis kan me styrkje Suldal sin posisjon som opplevingsdestinasjon?

Onsdag 26. januar inviterer me til felles workshop på Mo Laksegard for alle aktørar som har interesse for å skape fleire aktivitetar, arrangement og opplevingar på reisemålet Suldal.

PROGRAM
18:00 – Velkommen til workshop!
18:10 – Gry Bystøl, Visit Voss: Utvikling av aktivitetsbygda Voss
18:40: Presentasjon av nye aktivitetar i Suldal
19:00: Odd Åge Aas, Sparringspartneren: Risiko og beredskap i aktivitetstilbodet
19:20: Varde opplevelseskvalitet: Kvalitetssikring av tilbodet
19:30 – Workshop v/Suldalsalliansen: Kva nye aktivitetar kan me utvikle? Korleis kan me styrkje Suldal sin posisjon som opplevingsdestinasjon? Kan me utvikle eit felles arrangement rundt aktivitetsturisme?

(Det kan koma endringar i programmet)

Det blir enkel servering av kaffi og kaffimat.
Påmelding: Innan måndag 17. januar til suldal@visitsuldal.no.

Bilde: Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.