Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Workshop – Robotikk og smarte sensorer

15 desember, 2020 @ 08:30 15:30

Kva er eigentleg ein smart sensor?
Kva for moglegheiter ligg i å bruka smarte sensorar?
Kva kan ein robot ikkje brukast til?
Er autonom transport noko for meg?
Korleis kan eg nytten denne teknologien i mi bedrift?

Me inviterar til Workshop med robotar, autonome transportmiddel og smarte sensorar! Her får du moglegheit til å sjå på kva denne nye tekonolgien kan brukast til. Det blir ein teoretisk del, og ein praktisk del med programmering/testing og bruk!

Me får besøk av Mechatronics Innovation Lab AS (MIL) som er ein del av Norsk Katapult. Dei har lasta opp bilen og hengaren med robotar, autonome transportmiddel og ikkje minst smarte sensorar.
Det blir ei unik moglegheit til å bli kjent og testa ut teknologien!!

Målet er at etter gjennomførd workshop skal du vera i betre stand til å sjå nytteverdien av ulike robotløysingar og sensorteknologiar, og ikkje minst sjå moglegheiter i eigen produksjon. Workshopen gir deltakar innsikt i nyaste robotteknologiar, skilnadene deira og moglege bruksområde. Teknologiar frå leverandørar som ABB, Fanuc, Kuka og Nachi, teknologiar frå UR, Omron og Mir blir vist og blir brukt under workshoppen.

Du skal få kompetanse på å kunna vurdera korleis teknologiane kan utnyttast som eit verktøy for å auka grada av automasjon, produsera smartare, redusera vedlikeholdskostnader osv.

Innhald

  • Nyaste Sensor-teknologiar
  • Nyaste innen Rogot-teknologiar og deira bruksområde
  • Nyaste Instrumenterings-teknologiar
    • 3D Scanning
    • Vision
    • Laser
    • I/O-Link
    • Nyaste kommunikasjonsløsningar

Samling Hjelmeland Tysdag 15/12-2020

Sted:
Tidligare Spa-hotell Velvære
Vågavegen 44, 4130 Hjelmeland.

  • 0830 – 1200 Workshop Robotikk og AIV
  • 1200 – 1230 Lunch
  • 1230 – 1500 Workshop Smarte Sensorar
  • 1500 – 1530 Felles oppsummering og vegen vidare

For målbedrifter/medlemmer = 1000,- (Ikke medlemmer 1500,-)
Lunsj inkludert i prisen.
(Begrensa antall plassar, bindande påmelding)