Loading Content..

Lastar Hendingar

Tidlegare Hendingar

Hendingar søk og visingsnavigasjon

Hending visingsnavigasjon

  • Denne hending er over.

november 2019

Støtteordningar for vekst og innovasjon.

6 november, 2019 @ 10:00 - 12:00
Suldal Vekst, Sandsvegen 134
Sand, 4230 Norway
+ Google-kart

Aldri før har det vore så monge støtteordningar for små og mellomstore verksemder. Korleis kan ein få oversikt og finne akkurat dei støtteordningane som kan passe for di utvikling? Me får besøk frå Valide Haugesund som vil fortelja meir om VRI, Validé inkubator og Connect BAN Haugesund. Du vil også få informasjon og også hjelp til å søkje SkatteFUNN. I tillegg få innblikk i kva Norsk Katapult kan være ein viktig partner i utviklingsprosjekt. VRI - verkemidlar for regional innovasjon…

Finn ut meir »

OPPLEVINGSKURS OG VEKSTPROGRAM FOR REISELIVSBEDRIFTER

28 november, 2019 @ 12:00 - 29 november, 2019 @ 14:00

I samarbeid med Rogaland Fylkeskommune og Innovasjon Norge inviterer Næringshagane i Rogaland til VekstProgram for opplevings- og reiselivsnæringa - eit berekraftig utviklingsprogram for små og mellomstore opplevings- og reiselivsbedrifter i Ryfylke og på Haugalandet. MÅL FOR PROGRAMMET Som deltakar lærer du nye og spennande måtar å jobbe med innovasjon og produktutvikling på, der prinsipp for berekraftig reiseliv er viktig del av utviklingsprosessen. Du får mange praktiske verktøy for å utvikle heilskaplege, meiningsfylte og lønnsame opplevingar i eiga bedrift. Kva er…

Finn ut meir »

februar 2020

Workshop – Robotikk og smarte sensorer

5 februar, 2020 @ 08:30 - 16:00
Garaneset, Sandvegen 134
SAND, 4230
+ Google-kart

Kva er eigentleg ein robot og autonom transport? Kva for moglegheiter ligg i å bruka smarte sensorar? Korleis kan eg nytten denne teknologien i mi bedrift?Me inviterar til Workshop med Robotar, autonome transportmiddel og smarte sensorar! Her får du moglegheit til å sjå på kva denne nye tekonolgien kan brukast til. Det blir ein teoretisk del, og ein praktisk del med programmering og bruk! Me får besøk av Mechatronics Innovation Lab AS (MIL) som har lasta opp bilen og hengaren…

Finn ut meir »

Reisemål Ryfylke inviterer til kurs i «Attraktive pakkar for cruisegjester

13 februar, 2020 @ 11:00 - 14 februar, 2020 @ 13:00

I samband med prosjektet "Expedition Ryfylke", inviterer destinasjonsselskapet til kompetansepåfyll og kurs for å tiltrekkje seg gjester som kjem sjøvegen til Ryfylke. Kven passar kurset for? Kurset er aktuelt for bedrifter som arbeidar med cruise, eller har produkt som kan utviklast og pakketerast til cruisegjestene. Kurset er også aktuelt for kommunane som skal ta imot gjester. Om kurset: Ein cruisegjest kjem på besøk i ein kortare periode. Difor må ein tenkje anleis rundt pakking og tilbod. På dette kurset lærer…

Finn ut meir »

Vekst:LAB Reiseliv

18 februar, 2020 @ 08:30 - 19 februar, 2020 @ 15:30

Er du interessert i å utvikle nye reiselivsprodukt og aktivitetar? Eller gjerne forsterke dei du allereie har? No kan alle som ønskjer å starte eller få vekst i eksisterande reiselivsbedrift lære seg nye verktøy for raskare å avklare idear og metodar. I samarbeid med Innovation Dock er du med dette invitert til Vekst:Lab - ein to dagars workshop for reiselivsnæringa i Ryfylke. Verktøyet du blir kjent med er utvikla av Massachusettes Instituteof Technology (MIT) for å jobbe med utfordringar og…

Finn ut meir »

Gult belte i Lean – Sertifiseringskurs.

19 februar, 2020 @ 08:00 - 20 februar, 2020 @ 09:00

Suldal Vekst i samarbeid med Samarbeidsutvikling tilbyr deg å delta på Gult Belte Sertifiseringskurs i Lean.Kurset gir kunnskap om kva Lean er. Det gir moglegheit til å omskapa kunnskap for endringar. Endringar som er nødvendig til å lykkast i framtida. Etter kursa skal deltakarane kunna leia og bidra til små betringar som gir denne endringa. Gjennom kurset vil du få ei innføring i kva LEAN handlar om og korleis nytta LEAN i arbeidsdagen din. Etter endt kurs, vil du motta…

Finn ut meir »

mars 2020

Grunnopplæring i arbeidsmiljø – HMS kurs

10 mars, 2020 @ 08:15 - 15:30

Kurset er aktuelt for verneombod, leiarar, AMU og tilsette som jobbar innanfor HR og HMS (40 timar). Kurset blir gjennomført i samarbeid med AktiMed og dekkjer arbeidsmiljølova sine krav om opplæring av verneombod og medlemmer av arbeidsmiljøutval. Tema: ArbeidsmiljølovaSystematisk HMS-arbeidForebygging av muskel og skjelettplagerFysiske og kjemiske arbeidsmiljøfaktorarForebygging og oppfølging av sykefraværPlikter og rett ved yrkessykdom og skadePsykososiale forhold i arbeidslivetAKAN- Rus og avhengighet i arbeidslivetKrisehåndteringMobbing og konflikter Kurset foregår 10., 11. og 24.mars i Suldal Vekst sine lokaler på Sand.…

Finn ut meir »

Velkommen til ny nettverkssamling for Heilt Sjef!

17 mars, 2020 @ 13:00 - 15:00
SULDAL VEKST, Sandsvegen 134
Sand, 4230 Norway
+ Google-kart
NOK100

ARRANGEMENTET ER AVLYST! Jobbar du som leiar? Då synes du kanskje det er vanskeleg å ta den nødvendige samtalen? Slik bør du som leiar ta den nødvendige samtalen. Alle veit at leiarar ikkje skal gøyme problem under teppet. Likevel ser me at dette kan vere utfordrande og eit vanleg ankepunkt mot leiaren er nettopp at dei ikkje tar tak i problema og heller framstår som konfliktsky. Den vanskelege samtalen vil alltid vere ein nødvendig samtale. AktiMed kjem og deler sine erfaringar, gir tips og råd om…

Finn ut meir »

april 2020

Gratis webinar: Slik søkjer du kontantstøtte – Utsett til tysdag 21. april – 09:00

21 april, 2020 @ 09:00 - 10:00

I samarbeid med Suldal Næringsforening inviterer me næringslivet til webinar fredag 17. april klokka 14:00 der hovudtema er kompensasjonsordninga for bedrifter som kan søkje om å få dekt nødvendige utgifter. Dersom bedrifta di har blitt pålagt av staten å stengje, eller har inntektsreduksjon på over 30 % (20 % for mars), kan du søkje om kompensasjon for å dekkje nødvendige kostnader. Me går gjennom kva du treng å førebu og gjer ein praktisk gjennomgang av korleis søknaden skal sendast inn.…

Finn ut meir »

juni 2020

Etablerar introduksjonskurs

3 juni, 2020 @ 16:00 - 19:00

Kurset er for etablerarar som nyleg har etablert eller som har ein plan om å etablera eiga bedrift. I løpet av tre timar går ein gjennom grunnleggjande element som er viktig i samband med etablering og oppstart av eiga bedrift. Kurset er gratis. Kurset blir arrangert av Skape.no, og du finn meir informasjon og lenke til påmelding her: https://skape.no/index.php?p=kurskalender/etablerar-introduksjonskurs-3-juni-2020-suldal

Finn ut meir »

Webinar: Informasjon om Suldal kommune sine investerings- og utbyggingsprosjekt

26 juni, 2020 @ 10:00 - 11:00

Formålet med webinaret er å gi informasjon om pågåande og framtidige investeringsprosjekt og aktivitet i Suldal kommune sin regi. Webinaret blir arrangert i eit samarbeid mellom Suldal kommune og Suldal Vekst AS. Deltaking er gratis, men me vil gjerne ha påmelding innan 24. juni. Meld deg på til post@suldalvekst.no og du får tilsendt informasjon om deltaking frå oss. Velkommen!

Finn ut meir »

september 2020

Miljøfyrtårnsertifisering – oppstartsmøte

3 september, 2020 @ 09:00 - 11:00

STAD: Suldal Vekst sine lokalar på Sand. Fleire og fleire suldalsbedrifter miljøsertifiserer seg, og meinar at Miljøfyrtårn er eit konkret og effektiv verktøy som hjelper bedrifta med å ta smarte og lønnsame miljøval! VURDERER DU Å BLI SERTIFISERT? Les meir om å bli Miljøfyrtårn her: http://www.miljofyrtarn.no Kort introduksjon til MiljøfyrtårnMiljøfyrtårn portalen og korleis bruke denneIntroduksjon til Miljøkartlegging og MiljørekneskapGjennomgang og avklaring for felleskriterierOppsummering og vegen vidare for kvar enkelt bedrift Miljøfyrtårnkonsulent: Odd Åge Aas Meld deg på HER innan 31.. august.…

Finn ut meir »

Ta lunsjen med Skeiseid!

30 september, 2020 @ 11:00 - 12:30
NOK150

Arrangementet er utsett! Ny dato kjem. Kreativ kommuniksjon og mediablikk Slibrig tango og utspekulert swing Den evinnelege mediedansen, der du må ta føringa og by på deg sjølv. Komfortsone er for feigingar. Det gjeld også for trauste ryfylkingar. Tor Øyvind Skeiseid slutta som profilert journalist og programleiar i NRK Rogaland for fleire år sidan og etablerte Ryfylke Livsgnist. No kjem han til oss og deler både tips, meiningar, saker og funderingar når kommunikasjon og media er tema. Stad: Suldal Vekst,…

Finn ut meir »

oktober 2020

Krisestemning eller den nye normalen?

7 oktober, 2020 @ 09:30 - 11:00

Koronaviruset har heilt eller delvis sletta mange ordrebøker. Kva er status? Me inviterer til frukost, innlegg og diskusjonar om kva som skjer framover. Kva virkemidlar finst? Kva kan du og kva bør du gjere no? Arrangementet er gratis og det vil vere mogleg å delta via Teams på dette møtet. Meld deg på ved å sende ein epost til post@suldalvekst.no eller HER

Finn ut meir »

Frukostmøte: VEKST GJENNOM DIGITAL OMSTILLING

15 oktober, 2020 @ 09:30 - 12:00

Er di bedrift på veg til Industri 4.0? «Digitalisering handlar om å bruka teknologi til å fornya, forenkla og forbetra. Det handlar om å tilby nye og betre tenester, som er enkle å bruka, effektive, og pålitelege.» Regjeringen.no Som eit ledd i digitatliseringsprosessen mot Industri 4.0, held vi eit frukostmøte om eit kompetanseprogram som vi arrangerer i haust. Me får besøk av Roar Knudsen frå Knudsen Dørfabrikk AS og Ingvild Jensen frå DigiFab som vil presentera prosjektet og moglegheitene som…

Finn ut meir »

desember 2020

Webinar: Kva må me lære av året som har gått for å forstå kva me skal gjere i året som kjem?

4 desember, 2020 @ 08:00 - 09:00

I utgangspunktet ville me invitert til ein fysisk adventsfrukost, men denne pandemien gir diverre ikkje rom for dette. I samarbeid med Nasjonalparken Næringshage ønskjer me deg likevel veldig velkommen til ein digital "frukost" med fagleg innhald! Strategisk rådgjevar frå Atea, Lars Iversen, er føredragshaldar med følgjande tematikk: Post-korona og det digitale skiftet - verda er endra for alltid og kva betyr det for deg? 2020 vil først og fremst bli huska for pandemien, men også for at den bidrog til…

Finn ut meir »

februar 2021

Lunsjwebinar: Møt New Kaupang og vår nye kommunedirektør

3 februar @ 10:00 - 11:00

Velkommen til Lunsjwebinar på TEAMS – onsdag 3. februar 2021, kl 10:00-11:00. Ketil Barkved frå New Kaupang deltar for å gi siste nytt og særs aktuelle oppdateringar om etableringar rundt kraftkrevjande industri i Ryfylke. Her informerer han også om moglegheiter for lokalt og regionalt næringsliv. Me møter den nye kommunedirektøren i Suldal, Karin Dokken Austvik, og får hennar refleksjonar rundt kva som skal til for å styrke både kommunane og bedriftene si verdiskaping framover. Frå Suldal Vekst si side vil det…

Finn ut meir »

Webinar: Leverandørsamling med paneldebatt

18 februar @ 18:00 - 20:00

Me inviterer til leverandørsamling torsdag 18. februar kl 18:00 der dei større byggherrane i regionen presenterer sine kommande prosjekt. Følgande byggherrar deltek: StatkraftHydro EnergiSaudefaldeneStatnettHaugaland KraftSuldal KommuneSauda KommuneRogaland Fylkeskommune (samferdsel)Eramet Sauda Paneldebatt 19.30 – 20.00 Korleis kan leverandørar i regionen utvikle seg for å kunne hente enda meir av oppdraga frå kraftbransjen lokalt? Her deltek:Bjørn Sandvik – Statkraft Suldal.Svein Ilstad – Saudefaldene.Agnes Oppistov Lykkebø – Hydro Energi.Vidar Sagen-Roland og Karl Næs – Haugaland Kraft. Påmelding: Foto: Saudefaldene

Finn ut meir »

mars 2021

Digital Workshop – Robotikk og smarte sensorer

11 mars @ 12:00 - 15:00

Kva er eigentleg ein smart sensor? Kva for moglegheiter ligg i å bruka smarte sensorar?Kva kan ein robot ikkje brukast til? Er autonom transport noko for meg? Korleis kan eg nytten denne teknologien i mi bedrift?Me inviterar til Workshop med robotar, autonome transportmiddel og smarte sensorar! Her får du moglegheit til å sjå på kva denne nye tekonolgien kan brukast til. Målet er at etter gjennomførd workshop skal du vera i betre stand til å sjå nytteverdien av ulike robotløysingar…

Finn ut meir »

april 2021

Digital workshop for reiselivet: Rusta for framtida

6 april @ 17:00 - 18:30

VisitSuldal er i gong med å oppdatere sin reiselivsstrategi der fokuset er korleis VisitSuldal skal arbeide dei neste tre åra for å styrkje merkevara og reisemålet Suldal. I samband med dette inviterer ein digital workshop på Teams der ein får informasjon om fleire spanande prosjekt frå reiselivet i Suldal. Det blir også samtalar og diskusjon rundt kva strategiske utviklingsområde og kjerneaktivitetar ein skal ha fokus på framover. Agenda torsdag 8. april 17:00:  Vår felles strategi og merkevare.  Handlingsplan for berekraftig reisemålsutvikling I Strategiplan VisitSuldal…

Finn ut meir »

Webinar- Ny krisepakke – BIO midler

15 april @ 10:00 - 10:30

Rogaland får 26,8 millionar kroner som ein ny «korona-krisepakke» frå Regjeringa. Pengane skal gå til bedrifter i Rogaland med omstillingsbehov. – "Her er det gode moglegheiter for å bruka ei vanskeleg tid på å førebu seg på framtidige marknader og moglegheiter", seier næringssjef Mette Fossan i Rogaland fylkeskommune.Vi får besøk frå Fylkeskommunen som vil informera om desse og andre verkemidlar, korleis ein kan søka og kva ein kan søka omLink til Rogaland FylkeskommuneFor påmelding

Finn ut meir »

Workshop – Robotikk og smarte sensorer

28 april @ 08:30 - 15:30

Me inviterar til Workshop med robotar, autonome transportmiddel og smarte sensorar! Her får du moglegheit til å sjå på kva denne nye tekonolgien kan brukast til. Det blir ein teoretisk del, og ein praktisk del med programmering/testing og bruk!

Finn ut meir »

mai 2021

DigiFab – SMART produksjonsvekst

11 mai @ 09:00 - 10:00

Me er no i gong med digitaliseringsprogrammet DigiFab - berekraftig vekst gjennom digital omstilling. Oppstart våren 2021. 3. juni startar me programmet DigiFab. Dette er eit program for produksjonsbedrifter som treng å digitalisere, automatisere og/eller robotisere deler av eller heile produksjonen. Gjennom programmet vil du f ulike moglege teknologiar for ein meir effektiv og kostnadseffektiv produksjon,. Du vil få mentorar som vil hjelpe deg til å finne din veg fram mot Industri 4.0. ME INVITERER TIL INFORMASJONSMØTE OM DIGIFAB 11.…

Finn ut meir »

Informasjon om Miljøfytårnsertifisering – Hjelmeland

20 mai @ 14:00 - 15:00

Stad: Hjelmeland Naturlegvis, Prestegarden 5, Hjelmeland - møterom i 2 et. Miljøfyrtårn er eit konkret og effektivt verktøy som hjelper deg i gong med å ta smarte og lønnsame miljøval for bedrifta di. Vurderer du å miljøsertifisere bedrifta di? I samarbeid med Hjelmeland Naturlegvis og Hjelmeland kommune inviterer me til eit kort møte der du får meir informasjon om Miljøfyrtårn. Kva betyr det å bli Miljøfyrtårnsertifisert?Kvifor er det ein god ide for mi verksemd?Kva skal til for å komme i…

Finn ut meir »

juni 2021

Suldalstandarden: Kick off

12 juni @ 09:00 - 14:00

VisitSuldal, Suldal Næringsforening og Suldal kommune inviterer til kick-off for Suldalsstandarden laurdag 12.juni kl 10:00. Samlinga er for alle som gjennom sitt arbeid er i kontakt med gjester i ein eller annan form der målet er å gi informasjon om sommarens tilbod, kunnskap om den flotte kommunen vår, inspirasjon til vertskaps-rolla og moglegheita til å bli kjend med med-vertar på tvers av organisasjon og grend. Tema for dagen (Møtestad kjem) Reiselivskommunen Suldal Kva er eit berekraftig reisemål? Kva har me å tilby i…

Finn ut meir »

oktober 2021

Webinar: Styret sitt ansvar i strategiarbeid

14 oktober @ 09:00 - 11:00

I samarbeid med Næringshagene i Norge og Handelshøyskolen BI inviterer me til webinar om styrearbeid. "Å drive frem utvikling og verdiskaping er en av de sentrale oppgavene for et godt styre. Dette skal gjøres gjennom helhetlig ledelse og ved å ivareta de formelle sider knyttet til kravene i selskapslovene". - Frode Solberg, BI- Arrangementet er ope og kostnadsfritt. Teamslenke for deltaking: Klikk her for å delta i møtet

Finn ut meir »

Gründerpizza – 25. oktober

25 oktober @ 18:00 - 20:30

Har du nyleg starta bedrift eller har planar om å gjera det? Fleire har lurt på kor ein kan treffa andre gründerar, og me inviterer difor til Gründerpizza, 25. oktober frå kl 18 til ca 2030 i Suldal Vekst sine lokalar på Sand. Det blir servering av – ja, pizza og me treng difor påmelding. Dette arrangementet er uformelt og eit lågterskeltilbod for deg som ønskjer å vite meir om korleis du kan realisera ein god ide eller komm vidare…

Finn ut meir »

Seminar: Lokalmat og reiseliv

26 oktober @ 18:00 - 20:30

Samspelet mellom lokalmat og reiseliv blir meir og meir viktig i ei tid der gjestene våre er på leit etter dei unike og kortreiste smaksopplevingane. Med mange spanande satsingar innanfor dette området i Suldal ønskjer me å invitere til eit felles seminar på TræGården tysdag 26.oktober kl 18:00. Her får me presentasjonar frå ulike aktørar som satsar på produkt relatert til lokalmat og det vil bli felles diskusjonar. Korleis kan me styrkje samarbeidet mellom reiselivet og lokalmatnæringa? Korleis kan me…

Finn ut meir »

november 2021

Arbeidsvarslingskurs 1

1 november @ 08:30 - 15:00
NOK2200

Formål med opplæringen er å gi deltakerne grunnleggende kunnskap og forståelse for egen og andres sikkerhet ved arbeid på eller ved veg, og de hensyn som skal tas. De skal videre ha kunnskap om de formelle prosedyrer som skal følges før arbeidet igangsettes og under arbeidets gang. Link til påmelding- Trykk her: KURSSTED: SULDAL VEKST AS, Garaneset1. November 2021, 08:30 - 15:00 Bestått kurs 1 gjelder i 5 år. Etter 5 år kreves nytt kurs. 

Finn ut meir »

Kveldskurs: Sosiale medium

23 november @ 16:30 - 18:30

Sosiale medium blir stadig viktigare for verksemder og organisasjonar. Gjennom sosiale medium når du ut til nye kundar og du byggjer og styrkar relasjonar til dei som allereie følgjer deg. Me kva er det som skal til for å faktisk nå ut? Jenny Henriksen Leite og Inga Klokkerstuen Wangensteen frå Omega365 Design kjem til oss for å gi oss svar på noko av dette. Du lærer mellom anna: Kva skal til for å ha ei god profilside på Facebook?Kva skil…

Finn ut meir »
+ Eksporter hendingar