Loading Content..

Få nettverk og kompetanse som målbedrift

Suldal Vekst er Siva-godkjent næringshage og er ein av 40 næringshagar i Noreg som deltek i  det nasjonale næringshageprogrammet.  Gjennom næringshageprogrammet mottar Suldal Vekst offentlege innovasjonsmidlar, nettverk og verktøy for å hjelpe verksemder med å realisere sine forretningsidear og utviklingsplanar. Desse innovasjonsmidlane skal bidra til auka verdiskaping, vekst og utvikling i di verksemd og i regionen generelt. Verksemder som deltek i det nasjonale næringshageprogrammet blir kalla målbedrifter eller næringshagebedrifter, og har ein eigen samarbeidsavtale med næringshagen. Små og mellomstore verksemder kan delta og får rabatterte innovasjonstenester frå næringshagen. 

Kva er ei målbedrift, og kvifor skal ein bli dette?

Ei målbedrift er ei verksemd som har inngått ein avtale med Suldal Vekst om samarbeid om forretningsutvikling. Målbedrifta har eit ønskje og vilje til vekst og utvikling og målsetjing for samarbeidet er at verksemda skal styrke si konkurransekraft og lønnsemd. 

Som målbedrift blir verksemda di ein del av Næringshagane i Rogaland sitt nettverk for næringslivet, og ein del av Siva sin nasjonale innovasjonsnettverk. Samstundes bidrar du til å styrke eit regionalt kompetansemiljø for næringsutvikling, og leggje grunnlag for klynger og nettverk for samarbeid og utvikling. 

Kan di verksemd bli målbedrift?

Ei målbedrift er ei bedrift som er knytt til næringshagen gjennom ein samarbeidsavtale. For å kunne bli målbedrift må ein dekke følgjande krav:

  • Di verksemd må vera kategorisert som ei «lita eller mellomstor verksemd»
  • Di verksemd må drive kommersielt 
  • Di verksemd må ha eit ønskje om vekst og utvikling

Kva fordeler får ein av å vera målbedrift?

Suldal Vekst arbeider tett på våre målbedrifter for å kunne bidra med sine verktøy, nettverk og kompetanse ut i di bedrift. Her er nokre av fordelene di bedrift får gjennom målbedriftsavtala: 

  • Dine tilsette får tilbod om gratis deltaking eller rabatt på møter, kurs, work shops og andre arrangement i Suldal Vekst sin regi.
  • Halvårleg oppfølging, inkludert årleg kostnadsfri utviklingssamtale med våre forretningsutviklarar som er sertifiserte i ulike vekstmodellar og metodar
  • Tilgang på Suldal Vekst sine samla rådgivingsressursar
  • Tilgang på kompetanse og ressursar frå nettverket vårt. Me bidrar til å setje deg i kontakt med dei rette personane og aktørane for å sikre vidare vekst og utvikling.
  • Gjennom SIVA-programmet får verksemda di tilbod om tenester til ein rabattert pris istadenfor å måtte kjøpe tilsvarande tenester til marknadspris.
  • Verksemda di får kostnadsfri profilering på Suldal Vekst sin nettstad og andre digitale flater

Kva kan me bidra med?

  • Utvikling og/eller forbetring av eksisterande tenester og produkt
  • Utvikling og/eller forbetring av ny teknologi
  • Utvikling av nye idear for gründerar og/eller teamet rundt
  • Marknadskunnskap og marknadsføring
  • Strategi- og organisasjonsutvikling
  • Nettverk, kurs/kompetanseprogram
  • Utvikling av forretningsmodelllar
  • Økonomistyring
  • Internasjonalisering
  • Kunnskap om offentleg verkemidlar (t.d. Innovasjon Norge, fylkeskommune, Noreg Forskingsråd)
  • Kunnskap om og tilgang på investorar
  • Kunnskap og tilgang på mentorar og vekstpartnarar

Kva kostar det?

Som målbedrift betaler ein ei årleg avgift som er målt etter kor mange årsverk du har i di verksemd. 

Har du fleire spørsmål til målbedriftsordninga eller lurer på korleis Suldal Vekst kan støtte opp om din bedriftside eller verksemd? Ta gjerne kontakt med oss på post@suldalvekst.no for ein uforpliktande samtale.

    Leave Your Comment Here