Loading Content..

Felles plattform for gode arrangement i Suldal

I 2019 lanserte Visit Suldal ein arrangementskalender på si norske nettside, www.VisitSuldal.no. Målet med kalenderen er at det skal vera lett for alle reiselivsbedrifter, næringsliv, lag og organisasjonar å nå ut med informasjon om sine arrangement og aktivitetar gjennom året, og å styrkje merkevara og den felles profilen til Suldal ut mot ein større marknad. Samtidig skal det være enklare for suldølen, hyttesuldølen og besøkjande å orientere seg om kva tilbod som er i kommunen til ei kvar tid ved at all informasjon er samla.

I løpet av året 2019 hadde ein gode erfaringar med bruken av kalenderen. Ynskjet er at ein i det kommande året skal styrkje innhaldet og informasjonen om kalenderen ytterlegare.

Ynskjer du å promotere ditt arrangement gjennom Visit Suldal sin kalender? Kalenderen er open for alle, og det er både enkelt og gratis å legge ut arrangementet ditt. Klikk her for å koma til skjemaet for å legge til nye arrangement.

    Leave Your Comment Here