Loading Content..

Fusjon skal gi kvalitetsløft

– Me fusjonerer for å kunne tilby endå betre kvalitet i transportprodukta våre, seier Rune Furseth som er dagleg leiar i Suldal Transport. Selskapet vil i tillegg til å gi betre kvalitet også løfte statusen til yrkessjåførane. 

Rune Furseth er oppteken av at Suldal Transport saman med andre transportselskap skal gjere det saumlaust mellom dei ulike avdelingane og regionane. Det er bakgrunnen for at Suldal Transport er eit av selskapa i Nor-log Gruppen som no fusjonerer til eit stort transportselskap under same paraply. I tillegg til å betre kvaliteten på produkta vil han gjerne styrke yrkesstatusen som sjåførane har.  

– Det handlar om å ha opne dører, og dermed styrke både kommunikasjon og samarbeid. Det viktigaste for oss er å tilby gode transportløysingar, meiner han. 

– Og sjåførane har ein krevjande jobb under tøffe forhold. Eg ynskjer at dei får eit løft lønnsmessig, og ikkje minst at folk ser kva innsats dei legg ned. Me er avhengige av at kundane våre har betalingsvilje, seier Rune og viser til at Nor-log Gruppen tidlegare i år gjennomførte eit lønnsløft som kosta omlag 55 millionar kroner. 

Betre kommunikasjonsflyt 

Han ser at alle prosessar blir lettare når det er tette band mellom selskapa og alle har kunnskap om korleis varene reiser frå produsenten og ut til kunde. Suldal Transport har åleine om lag 300 tilsette, 150 bilar og 90 hengarar. No blir dei ein del av Nor-log Gruppen som har meir enn 800 moderne transporteiningar, 19 terminalar og 900 tilsette. Medan Suldal Transport hadde ein omsetnad i 2021 på 380 millionar kroner hadde konsernet 2 milliardar same året. 

– Denne fusjonen gjer det meste enklare og meir effektivt. Me skal fylgje varene frå a til å og treng at det går mest mogleg utan unødvendige stopp eller kommunikasjonsutfordringar. 

Tettare band betyr og at alle selskapa får same administrasjons- og økonomi system, og hjelp frå den same administrasjonsavdelinga som sit på Sand. 

– Me har ein god gjeng på Garaneset i Suldal som blant anna driv lønnskøyring og rekneskapsføring for alle desse selskapa i Nor-log Gruppen, dei gjer ein kjempeviktig jobb. Me er avhengig av den gjengen som har ein viktig nøkkelkompetanse, meiner Rune. 

Vil heve yrkesstatusen  

Furseth drøymer om at jobben som yrkessjåfør får betre status, og etter kvart blir løfta fram som den samfunnsviktige jobben det er. 

– Som sjåfør er du imøtekommande med kundar og du har stort ansvar langs vegen. Det er høge krav til effektivitet, og at du klarer å stå på mellom kvileøktene. I alle fall på dei vegane me har er det ein krevjande jobb kan vere, både sommar og vinter. 

Suldal Transport har saman med andre transportselskap starta eige opplæringskontor, og dei ynskjer tettare kontakt med både vidaregåande skular og NAV. Målet er å halde oppe god rekruttering og bidra til at dei som ynskjer å bli sjåfør nettopp satsar på yrket. 

– Sjåførane er ansiktet vårt ut, og eg som leiar er oppteken av at dei har det bra. Eg er kjapp på mobilen når eg høyrer om ulukker på vegen. Me har jo bilar over alt i landet, seier Rune. 

– I tillegg til mål om kvalitet og god rekruttering meiner han det stadig blir meir viktig å tenkje på alternative og nye kundegrupper.Det skjer mykje spanande framover, men me kan ikkje røpe alt no, seier Rune og ler. 

Foto: Hanna Maria van Zijp

    Leave Your Comment Here