Loading Content..

Gratis rådgjeving

Suldal Vekst tilbyr, gjennom utviklingsavtalen me har med Suldal kommune, to timar gratis rådgjeving til alle næringsdrivande i Suldal kommune. I tillegg har alle våre målbedrifter i Suldal kommune, Hjelmeland kommune og Sauda kommune tilbod om gratis rådgjeving. Me arrangerer også webinar og andre møtepunkt for våre medlemsbedrifter.

Me står no midt i det som kanskje er den mest utfordrande perioden for norsk næringsliv i moderne tid, og mange verksemder står ovanfor krevjande situasjonar. Dette kan vera problemstillingar knytt til kva tiltaksordningar som gjeld for di bedrift eller praktiske spørsmål om korleis ein handterer permitteringar eller korleis ein søkjer om kompensasjon. Ein kan også ha spørsmål om kva tiltak ein kan gjere i dag for å stå best mogleg rusta når korona-pandemien er over.

Suldal Vekst ønskjer å vera ein lett tilgjengeleg samarbeidspartnar for næringslivet, anten du har konkrete spørsmål og område du ønskjer hjelp til eller om du berre vil ta ein uformell prat. I samtale med deg kan me vera til hjelp med å sortere informasjon, finne dei tiltaksordningane som er mest aktuelle for di bedrift og vera med på å finne løysingar som vil hjelpe di bedrift gjennom krisa og gjerne stå sterkare for framtida.

Gjennom våre rådgjevingstimar kan me vera til hjelp med mellom anna:

  • Spørsmål du måtte ha rundt val for di bedrift i møte med koronasituasjonen, som permitteringar, lån- og garantiordningar, tilskuddsordningar, med meir.
  • Økonomi og likviditetsstyring i krisetider
  • Tilrettelegging for kompetanseheving og utdanningsmoglegheiter
  • Tilrettelegging for nye innovasjonsprosjekt
  • Marknadsføring og kommunikasjon

I dei tilfelle der det er naudsynt kan Suldal Vekst vurdere om det er grunnlag for ekstra timar med gratis rådgjeving, og tilby dette.

Me høyrer veldig gjerne frå deg på post@suldalvekst.no.

    Leave Your Comment Here