Loading Content..

Grunderpakken kort oppsummert

I går kom detaljane rundt grunderpakken på fem milliardar kroner som mellom anna har som mål å styrke grunderar og vekstbedrifter. Pakken er lansert for å sikre at innovasjon- og omstillingsprosjekt blir gjennomført også gjennom koronakrisa når andre finansieringsmoglegheiter er avgrensa.

Kva er grunderpakken?

Grunderpakken er lansert av Regjeringa for å sikre at ein held fram med utviklinga av eit berekraftig og innovativt næringsliv også gjennom denne perioden der norske næringar er sterkt prega av korona-pandemien me nå står i. Dette har dei gjort ved å etablere ein pakke på totalt fem milliardar kroner som er fordelt på ulike tenester. Fleire eksisterande tenester for grunderar og vekstbedrifter er utvida og oppdatert og to nye tenester har blitt introdusert.

Nye tenester:

  • Tilskot til kommersialisering – fase 2
  • Ekstraordinært innovasjonstilskot

Utvida tenester:

  • Marknadsavklaringstilskot
  • Oppstartslån
  • Tilskot til kommersialisering – fase 1
  • Innovasjonslån
  • Ei kombinasjon av andre tenester

Du kan lese meir om alle tenestene på Innovasjon Norge sine sider her.

Korleis søker ein?

I går opna ein for å søke på dei nye og dei utvida tenestene hjå Innovasjon Norge. Dette gjer ein ved å gå inn på den aktuelle tenestene for di bedrift, og fylle inn skjemaet som ligg digitalt her.

Kriteriene for å søke er framleis dei same som tidlegare. Dette kan ein lese meir om her.

Korleis kan ein få hjelp i søknadsprosessen?

Innovasjon Norge lanserte i går eit webinar der dei går gjennom endringane og dei nye tenestene lansert. Dette kan vera ein god stad å starte for å hente meir informasjon og få ei oversikt over kva moglegheiter som er tilgjengeleg for di verksemd. Webinaret finn du her

Innovasjon Norge har også utvida mentortenesta si og tilbyr di bedrift inntil 10 timar med akutt hjelp. Trykk her for å lese meir om mentorordninga.

Suldal Vekst er også til hjelp som støtte og samtalepartner for di bedrift. Gjennom utviklingsavtalen med Suldal kommune tilbyr me to timar gratis rådgiving til alle næringsdrivande i Suldal, også dei som sit med ein ny forretningside eller ynskjer å vidareutvikle verksemda si. I tillegg har alle våre medlemsbedrifter i Suldal kommune, Hjelmeland kommune og Sauda kommune tilbod om gratis rådgjeving. Ta gjerne kontakt med oss på post@suldalvekst.no for meir informasjon om korleis me kan hjelpe deg.

    Leave Your Comment Here