Loading Content..

Indre Ryfylke godt representert i gasellekåring

I dag blei årets gasellebedrift for 2021 kåra. Fleire bedrifter frå Suldal, Sauda og Hjelmeland har også utmerka seg som gasellebedrifter i året som gjekk.

Årets gasellebedrift er ei utmerking som deles ut av Dagens Næringsliv i samarbeid med Dun & Bradstreet. Fleire små og mellomstore bedrifter i kvart fylke blir utmerka som gasellebedrifter basert på ei rekke ulike kriterium. Dette er mellom anna at dei kan vise til omsetning på over ein million det første året, at dei har minst dobla omsetninga på fire år, positivt samla driftsresultat og at dei har unngått fallande omsetning.

I Indre Ryfylke har dei følgjande verksemdene utmerka seg som gasellebedrifter:

Suldal

  • A.L. Maskin AS
  • Ola Fisketjøn AS

Sauda

  • R.B. Handel AS
  • RS Stillas & Rigg AS

Hjelmeland

  • Viganeset Servicesenter AS

Ola Fisketjøn AS i Suldal har utmerka seg som gasellebedrift for andre året på rad. Me gratulerer!

Fylkesvinnarar konkurrerer om utmerkingar som «årets gasellebedrift» eller «årets gaselle». I 2021 var det Nidaros Shipping som tok tittelen. Les meir på Dagens Næringsliv sine sider her.

    Leave Your Comment Here