Loading Content..

It’s Waterful: Lansering av nytt reiselivsselskap

Torsdag denne veka inviterte destinasjonsselskapa Destinasjon Haugesund & Haugalandet, Reisemål Ryfylke og Region Stavanger til lanseringarrangement i Haugesund, Stavanger og Ryfylke. Temaet for dagen var lanseringa av det nye reiselivsselskapet Reiseliv SørVest SA der dei tre destinasjonsselskapa, som til saman famnar omtrent 30 kommunar, ynskjer å ha ein felles plattform for å promotere regionen som eit attraktivt, berekraftig og heilårig reisemål.

I samband med lanseringa har dei lansert ein ny profil som bygger på eit viktig tema som knytt alle desse områda saman; nemleg vatn! Slagordet er «It’s waterful!» og viser til variasjonen i vatnet vårt frå brusande til stilt, varmt til kaldt, blautt til fryst, kraftig til forsiktig. Som ein del av dette nye selskapet vil Stavanger, Haugesund og Ryfylke nå ha ei felles brosjyre og ulike kampanjar som set fokus på alt at vakre våre byar, bygder, fjell og fjordar har å by på.

    Leave Your Comment Here