Loading Content..

Jelsa får utviklingsmidlar frå Rogaland fylkeskommune

Gjennom eit allereie starta og godt samarbeid med eldsjeler, lag, organisasjonar, kommune og næringsliv skal ein gi Jelsa eit godt løft slik at innbyggartalet aukar og aktiviteten blir større.  

Det var stor semje i formannskapet om at kommunen skulle delta i prosjektet, der ein no er  blitt tildelt ein million kroner frå Rogaland fylkeskommune. Suldal kommune går også inn i prosjektet med ein million kroner. 

Målet er å skape eit samfunn i utvikling, som både klarer å ta imot tilflyttarar og besøkjande, samstundes som ein gir god trivsel til dei som allereie bur her. Prosjektet har ei tidsramme på tre år, men skal stå på eigne bein etter det.

– Gjennom dette prosjektet skal me blant anna  finne, skape og vidareutvikle møteplassar på tvers av generasjonar og samfunnslag. Me skal vise fram identiteten til Jelsa og løfte fram dei kulturhistoriske elementa både fysisk og digitalt, seier  prosjektleiar, Maren Landsnes.

Store næringsprosjekt 

Jelsa samfunnet står – i påvente av politiske slutningar – ovanfor store moglegheiter og  utfordringar dersom eksisterande planar om nyetableringar kjem. Windworks Norway, Gen2 Energy og ekspandering på Norsk Stein. Alle desse tre etableringane er på Jelsa eller 5 km frå Jelsa. Berre hjå Windworks Norway blir det førespegla  2300 tilsette direkte knytt opp mot anlegget, og 2000 indirekte. Dei har mål om å starta drift i 2027, heiter det i grunnlaget for søknaden. 

For å setje tala i perspektiv så er 2300 personar meir enn ni gonger så mange som bur på Jelsa i dag.

– Me må våge å setje spørsmålsteikn ved at Suldal, og Jelsa, har stor næringsaktivitet, men låg bu-attraktivitet der få kjem flyttande til kommunen meiner Øyvind Stueland, kommunalsjef og leiar i styringsgruppa for prosjektet. 

I grunnlaget blir det og peika på at ein bør jobbe med bustadstrategiar, kartlegging av turområde, aktivitets- og næringsutvikling, og nye arrangement som ein kan arrangere i bygda. At dette vil være med på å gi bygda eit løft og ein moglegheit til å skapa samhald og bli-lyst er dei begge samde om. 

    Leave Your Comment Here