Loading Content..

Jobbsøk for 10. trinn

«Jobbsøk» er eit undervisningsopplegg innan yrkesrettleiing i samband med næringslivet i Suldal, Suldal Vekst og grunnskulen 10 trinn. Jobbsøk er ei vidareutvikling av søknaden som ungdommane starta med i 9 trinn gjennom prosjektet «Læring i Næring».

Me ynskjer at ungdommane skal bli bevisste på korleis dei skal skrive ein best mogleg  søknad og CV mot dagens arbeidsmarknad. Samstundes skal ungdommane få prøve seg på eit reelt jobbintervju inn mot eit fiktiv annonse med bedriftsleiarar i Suldal.

Ungdommane vil få med seg en viktig erfaring med å forholda seg til næringslivsaktørar i ein intervjusetting og samstundes spissa allereie utarbeida søknads-mal ved å legge ved ein gjennomtenkt CV.

Foto: Unsplash/Glenn Carstens-Peters

Opplegget er slik:

  • Suldal Vekst hentar inn utvalde bedrifter/kommunale avdelingar til å produsere ei fiktiv annonse som eleven skal søkje på. Annonsa bør ha relevans mot aldersgruppa 10 trinn. 
  • Suldal Vekst presenterer søknadane og korleis ein lagar god søknad og CV i to skuletimar i 10 trinn.
  • Elevane sender søknad til Suldal Vekst. Denne skal sendast til marit@suldalvekst.no

Suldal Vekst er på Sand skule 20. mai 2021 for søknadsskriving og presentasjon og skal leverast innan 21. mai 2021.

  • Suldal Vekst sender søknadene frå elevane inn til den reelle bedrifta ein har søkt til.
  • Torsdag 27. mai 2021 er det «ein til ein» intervju mellom elev og bedriftsleiar digitalt. 
    Vurderinga blir gjort ut i frå kva annonsane spør etter, oppsett på CV og gode haldningar hjå ungdommen. Kvart intervju tek ca. 10 minutt og ungdommane vil få ei lita  tilbakemelding om ungdommen sin innsats frå bedriftene etter intervjuet.
Foto: Suldal Vekst

Kvifor vera med på «Jobbsøk»?

Som 15-16 åring har ein ofte sine første møte med arbeidsmarknaden, og spesielt dette med å søke etter jobb. Saman med næringsaktørar  i «JOBBSØK» rustar me dei til det reelle arbeidsliv med å være bevisst på moral, etikk og egne haldningar. Målet er å gi deg god kunnskap om søknadsprosessen og at du skal føle deg trygg på eventuell intervjurunde og alt som høyrer med det å seg sin første jobb. Samstundes kan næringslivet i Suldal synleggjera behov for arbeidskraft i framtida.

Nyttig informasjon til søknads- og intervjuprosessen

Mal på søknad

Mal på CV

Førebu deg på fysisk intervju

Søknadsannonser (fiktive annonser)