Loading Content..

Kompensasjonsordninga til foretak med omsetnadsfall

Me har laga ei enkel oversikt over kva kompensasjonsordninga frå Regjeringa er, kva den dekkjer og korleis du søkjer om kompensasjon.

Kva er kompensasjonsordninga?

  • Kompensasjonsordninga er lansert som eit tiltak frå Regjeringa for å bidra til at alle levedyktige verksemder i Noreg som har fått omsetningssvikt på grunn av koronaviruset skal koma seg gjennom krisa.
  • Ved å få på plass ei brei ordning for dei fleste næringar innanfor norsk næringsliv ynskjer ein å trygge arbeidsplassar og unngå konkursar. 

Ordninga skal favna bredt og hovudsak er dette føringane:

  • Omsetningsfall på 30 prosent eller meir, samanlikna med same månad i fjor. For mars er denne grensa på 20 prosent.
  • Vil i første omgang gjelde for mars, april og mai.
  • Verksemdene melder sjølv inn ei oversikt over deira faste kostnadar.
  • Differensiering på dei som vart pålagt å stenga.

Det er foreslått at den ikkje skal gjelda for:

  • finansnæringa (avgrensing blir gjord basert på finansskatten)
  • produksjon, overføring og distribusjon av elektrisitet og vassforsyning
  • utanriks sjøfart -varetransport
  • olje- og gassutvinning (avgrensa til dei som er under oljeskatteregimet)
  • private barnehagar som er under eiga støtteordning
  • flyselskap som er under eiga støtteordning
  • føretak utan tilsette (utanom ENK der verksemda er hovudinntektskjelda til innehavar)
  • føretak utan aktivitet
  • føretak som er under konkursbehandling eller kravd konkurs

Ein betaler ikkje ut til verksemder som har behov for kompensasjon på mindre enn 5000 NOK eller meir enn 30 millionar NOK per månad.

Kva kostnadar dekker kontantstøtta?

Faste kostnadar ein ikkje kan unngå gjennom krisa. 
Skatteetaten arbeider med ei grundig oversikt over kva regnskapspostar som kan inngå.


Døme:

  • Leigeutgifter og andre leigekostnadar (leasing)
  • Strøm (Lys og varme)
  • Renovasjon, vatn, avløp, reinhald, osb.
  • Kostnadar til eksterne konsulentar
  • Utvalde kontorkostnadar
  • Kontigentar
  • Utvalde forsikringskostnadar
  • Andre uunngåelege faste kostnadar

Post nærings-oppgåve:

6300 – Leie lokale

6340 -Lys, varme

6395 – Renovasjon, vann, avløp, renhold mv

6400 – Leie maskiner, inventar, transportmidler mv

6700 – Fremmed tjeneste (regnskap, rev.hon., rådgivning o.l.)

6995 – Elektronisk kommunikasjon, porto o.l.

7040 – Forsikring og avgifter på transportmidler

7490 – Kontingenter

7500 – Forsikringspremie

8150 – 8050 – Annen rentekostnad – Annen renteinntekt (nettobeløp)

Utrekning:

Kompensasjonen blir rekna ut etter følgande formel:

Oms. fall i % x (uunng. Faste kost. – egenandel) x just. Faktor= Kompensasjon

Eigenandelen blir sett til

0 kroner for bedrifter nedstengt av staten

10 000 kroner per månad for andre bedrifter

Justeringsfaktoren blir sett til:

0,9 for bedrifter nedstengt av staten

0,8 for andre bedrifter

Eksempel 1) bedrift som må stenge av staten

Oms. fall i % x (uunng. Faste kost.) x 0,9 = Kompensasjon

100% x (20.000) x 0,9 = 18 000,- pr mnd i kompensasjon

Eksempel 2) bedrift som opplever fall på 40%

Oms. fall i % x (uunng. Faste kost.- eigenandel) x 0,8= Kompensasjon

40% x (60.000-10.000) x 0,8 = 14 000,- pr mnd i kompensasjon

Kva bør du gjere no om du ikkje allereie har gjort det?

Uavhengig av kva ordning som ser ut til å treffe di verksemd best, er det rimeleg å tenkje at de kan gjere førebuingar for dokumentasjon til søkeprosessen. Dette bør gjerast raskt. Dersom ein ser at inntektene har svikta eller ligg an til å svikte i perioden framover, må det fokuserast på å kutte kostnader. Kor lenge denne situasjonen vil vare er det ingen som veit heilt, og det er difor viktig å gjere ein del tiltak med ein gong. Eksempel er å få på plass eit likviditetsbudsjett og setje seg inn i inn- og utbetalingar den kommande tida. Vurder likviditet og kontantstraum. Når trur du problema vil bli størst? Vidare må du sjekke rekneskapen din. Kva kostnader kan kuttast på kort sikt, kva kan du gjere noko med på lengre sikt? Har du hatt dialog med t.d. huseigar? Er det andre kostnader som kan reduserast, evnt utsetjast? Også viktig å ha ein dialog med leverandørar.

Korleis søker ein om kompensasjon?

Søknadsprosessen vil vera ei heildigital og automatisert løysing der verksemdene sjølv kan legge inn omsetningstal og faste kostnadar. Dersom verksemda di oppfyller krava for utbetaling vil dette skje automatisk. Blir ikkje søknaden godkjent vil den gå vidare til ein manuell etterkontroll.

Regjeringa har som målsetning å lansere portalen innan 17. april, 2020. Første utbetaling er for mars månad, og vil skje så raskt som mogleg i april.

Meir informasjon?

Ynskjer du meir informasjon om kompensasjonsordninga finn du dette på våre nettsider.

Me vil veldig gjerne hjelpe deg! Enten det er hjelp til å søkje om kompensasjon for faste utgifter, eller du å ønskjer å bruke denne tida til å stå betre rusta når dette ein gong går over. Ta gjerne kontakt med oss på post@suldalvekst.no for ein prat.

    Leave Your Comment Here