Loading Content..

Om oss

Teamet i Suldal Vekst © Suldal Vekst

Eit regionalt innovasjons- og utvikingsselskap som arbeider for nyskaping, vekst og utvikling.

Suldal Vekst er ein næringshage og eit regionalt innovasjons- og utviklingsselskap som arbeider for nyskaping, vekst og utvikling i og for næringslivet i Suldal og Ryfylke. Vårt hovudmål er å bidra til etablering av nye bedrifter og arbeidsplassar i Suldal, og arbeida for auka lønnsemd og vekst i dei bedriftene som allereie finst. Gjennom utvikling av lokalt og regionalt næringsliv skal me bidra til ei berekraftig framtid, sysselsetting og busetjing.

Suldal Vekst har ein oppdragsavtale med Suldal kommune, og er næringshage i kommunane Suldal, Sauda og Hjelmeland. Me er ein aktiv del av det nasjonale næringshagenettverket til SIVA, og hjelper deg gjerne med å komme i kontakt med dei miljøa som kan vere rette for deg. Næringhageprogrammet er eit distriktspolitisk verkemiddel som er eigd av fylkeskommunar og kommunal- og moderniseringsdepartementet. Programmet skal føra til auka nasjonal verdiskaping.

Suldal Vekst er eigd av Suldal kommune, SIVA og privat næringsliv. Les meir om eigarane våre her.

“Me er oppekne av nyskaping, vekst og utvikling, og heltane våre er gründerane. Du veit dei som etablerer, skaper og også sikrar arbeidsplassar slik at du og eg faktisk har eit arbeid å gå til kvar dag, som gjer at me kan bu der me helst vil bu, og kan leva gode liv akkurat her.”

– Laila Steine, dagleg leiar i Suldal Vekst

Teamet vårt: Breitt nettverk og kompetanse

I Suldal Vekst har me trua på nærleik til prosjektet, og gjennom ulike roller har me eit breitt nettverk og kompetanse som me nyttar oss av i samband med prosjektleiing og bedriftsutvikling.

Laila Steine
Dagleg leiar/forretningsutviklar

Laila er vår daglege leiar, og har vore ansvarleg for oppbygging og utvikling av Suldal Vekst sidan oppstarten i 2010. I tillegg arbeider Laila som rådgivar og har erfaring som gründer og drift av eiga verksemd, og har jobba med forretningsutvikling og prosjektleiing gjennom fleire år. Ho kan mellom anna hjelpe nyetablerte og etablerte bedrifter med strategiarbeid, prosjektleiing, kobling mellom ulike aktørar og også kunne vere ein sparringspartnar til bedrifter som jobbar med produktutvikling eller ønskjer å nå nye marknader. Laila har eit breidt nettverk innanfor ulike kompetanse- og innovasjonsmiljø i heile Norge og hjelper gjerne til med å setje deg i kontakt med dei rette samarbeidspartnarane. Laila har ei bachelorgrad i reiseliv og mastergrad i innovasjonsleiing. Ho har allsidig styreerfaring og særleg kompetanse innanfor forretningsmodellering, prosjektleiing og organisasjonsutvikling, og er sertifisert i VekstSporet og forretningsutviklingsverktøyet GrowthWheel.

Telefon: 977 75 757 | Epost: laila@suldalvekst.no

Marit Larsen
Prosjektleiar/Forretningsutviklar

Marit er prosjektleiar og forretningsutviklar i Suldal Vekst, og arbeidar med arrangement og prosjekt i nettverk og klynger mot ulike bransjar. Ho brenn for ungt entreprenørskap, og vil vere ein god sparringspartnar når det gjeld rekrutteringsaktivtetar – også med kobling næringsliv/skule. Marit har breid erfaring frå ulike bransjar og særleg reiseliv. Ho er utdanna kokk og er genuint interessert i gode råvarer, mat og menneske. Med tilleggsutdanning i prosjektleiing, økonomiske og administrative fag, samt organisasjons- og arbeidsleiing, kan ho hjelpe bedrifter med strategiarbeid, prosjektleiing, kobling mellom ulike fagmiljø og produktutvikling. Marit har allsidig styreerfaring frå både organisasjonsliv og næringsliv. Gjennom fleire år har Marit opparbeida seg gode kunnskapar og erfaring frå oppstart og drift av eigne verksemder, og vil kunne vere god hjelp for deg som lurer på å etablere eiga bedrift eller treng å diskutere idear til nye forretningsområde.

Telefon: 906 84 861 | Epost: marit@suldalvekst.no

Alf Aadnøy

Forretningsutviklar/Prosjektleiar

Alf er forretningsutviklar og prosjektleiar i Suldal Vekst. Han har lang erfaring frå bedriftsetablering og -utvikling, omstillingsarbeid, kvalitetssikring, design, IT, digitale prosessar og automatisering. Han har si utdanning frå BI, hovudsakleg innan internasjonalisering, administrative og økonomiske fag.  Alf har god internasjonal kompetanse og har jobba med import/eksport,  produkt- og tenesteutvikling for internasjonale marknader gjennom mange år.

Alf er ein god sparringspartnar for deg som vil starta eiga bedrift eller ønskjer å utvikle nye forretningsområde, der du kan få hjelp til ideutvikling, vurdere risiko og finne og søkje støtte frå relevante støtteordningar. Alf hjelper også etablerte bedrifter med forretnings- og vidareutvikling.

Alf er sertifisert i GrowthWheel og VekstSporet.

Telefon: 905 66 358 | Epost: alf@suldalvekst.no

Leif Inge Løland

Forretningsutviklar

Leif Inge Løland arbeider som forretningsutviklar i Suldal Vekst. Han har lang erfaring innan økonomi, administrasjon og leiing frå næringslivet i Ryfylke. Leif Inge er utdanna siviløkonom med spesialisering i marknadsføring ved Handelshøgskulen i Nord universitet i Bodø.

Telefon: 414 48 627 | Epost: leif.inge@suldalvekst.no

Maren Landsnes

Prosjektkoordinator rekruttering og aktivitetsutvikling

Maren arbeider som prosjektkoordinator med fokus på rekruttering og entreprenørskap blant born og unge i Suldal, i tillegg til utviklingsarbeid, aktivitetar og prosjekter i Sand sentrum og omeign. Maren har mange år med erfaring innanfor bedrifts- og prosjektleiing, sal og marknadsføring. Ho brenn for lokalt samarbeid og for å gjennomføre små og store idear og lev etter sitatet at «ingen tanke er så vill eller sprø at ein ikkje kan bruke deler av den». Maren er praktisk innstilt og likar seg aller best utanfor komfortsona med stor aktivitet og mykje som skjer.

Telefon: 472 34 541| Epost: maren@suldalvekst.no

Anita Svendheim
Prosjektleiar reiseliv og kommunikasjon
Anita er prosjektkoordinator for reiseliv og kommunikasjon, med spesielt fokus på utviklinga av profilen og innhaldet til Visit Suldal. Ho har internasjonal erfaring, og har dei siste ti åra studert og arbeidd i Amerika, Asia og Afrika innanfor reiseliv, hotelldrift, organisjonsutvikling, bedriftskommunikasjon og merkevarebygging. Ho held også i fleire internasjonale styreverv. Anita brenn for at fleire unge skal få bli inspirerte til å starte noko sjølv, og for å minske terskelen mellom unge eldsjeler og det etablerte. I ein alder av 19 år starta ho si ei eiga veldedige foreining for naudhjelp, støtte og mikrofinansiering til familiar og born i Zimbabwe. Anita har ein bachelor innafor internasjonalt arbeid og kommunikasjon frå England og tar i dag ei mastergrad innanfor bedriftsleiing ved BI.

Telefon: 924 44 948 | anita@suldalvekst.no

Nettverket vårt

Treng du ein samarbeidspartnar? Næringshagen har eit stort nettverk av bedrifter og næringar, ulike kompetanse- miljø, offentlege verkemiddelaktørar og forskings- og utviklingsmiljø. Me koplar gjerne bedrifter opp mot relevante støttespelarar og nettverk, som aktuelle fagmiljø, moglege investorar, styreressursar eller finansieringsordningar som til dømes Innovasjon Norge, Norges Forskningsråd og offentlege næringsfond.

Vårt nyheitsbrev

Me sender ut regelmessige nyheitsbrev med tips og triks til nyskaping og vekst, informasjon om våre prosjekt og viktige utviklingar i næringslivet i vår region. Meld deg på her: