Loading Content..

Korleis kan kunstprosjekt vera ein katalysator for stadutvikling?

Det har dei svaret på i den vesle bygda på Nesflaten, som er kjend for sin kraftarkitektur! Her har dei nå starta eit prosjekt som er nyskapande i form, prosess og metode og koplar saman lokale, regionale og internasjonale aktørar ved å transformera Sentrumsbygget i bygda til ein destinasjon ved hjelp av kunst og design. Prosjektet skal realiserast i det offentlege rom med Jeppe Hein, ein internasjonalt profilert kunstnar. Verket vil styrka turismen og interessa for regionen.

LIV på NES er ei lokal arbeidsgruppe som vart starta på Nesflaten i 2012, straks etter første møte med kunstformidlings institusjonen ArtConnexion og deira introduksjon til New Patrons-konseptet. Liv på Nes-gruppa har hatt som mål å utvikla eit relasjonelt, stadspesifikt kunstprosjekt med utgongspunkt i stadutvikling. Som eit resultat kom kunstprosjektet ”Views” til, med målsettinga om å skapa eit levande sentrum, styrka trivsel, bulyst og næringsgrunnlag på Nesflaten.

Les meir om prosjektet på nettstaden deira her.

    Leave Your Comment Here