Koronainformasjon

Verda, Noreg og våre flotte kommunar står nå i ein vanskeleg situasjon der me alle må gjera store endringar i våre private liv og våre bedrifter for å vera med på Noregs beredskap, og bidra til å hindre vidare smitte og for å verne om sårbare grupper.
Situasjonen pregar næringsliv, bedrifter og aktivitet sterkt og gjer at me nå står i ei vanskeleg, uoversikteleg og uforutsigbar tid der me må ta tøffe val – også i indre Ryfylke.
Suldal Vekst jobbar tett opp mot Næringshagane i Norge, SIVA, fylkeskommunen og kommune for å kunne støtte opp om bedrifter og næringslivet i regionen vår. Situasjonen er ny for alle, og det skjer raske endringar kvar dag, og det er stadig ny informasjon og nye tiltak for å støtte opp om næringsliv og aktivitetar i landet vårt. Me ber deg halde deg oppdatert på råd som kjem frå Folkehelseintituttet, Helsenorge og Regjeringa. Oversikt over alle nasjonale tiltak frå norske myndigheiter finn ein her.
Suldal Vekst er tilgjengeleg som samtalepartnar i denne vanskelege situasjonen, og me oppmuntrar deg til å ringe oss for å vera til hjelp med mellom anna:
- Kva tiltak bør ein som bedrift ta i dag? På kort sikt og på lenger sikt?
- Kva verkemidlar finst?
- Andre praktiske spørsmål.
Suldal Vekst har heimekontor inntil vidare for å vera med på å hindre smitte i samfunnet, men er til ei kvar tid tilgjengeleg via epost, videomøter og telefon. Kontaktinformasjon til våre bedriftsutviklarar og andre tilsette finn du HER.
« 20/4-2020 Webinar KPMG Kontantstøtte – »
« 14/4-2020 – Gjer deg klar til å søka støtte frå 17.april »
« 14/4-2020 – Råd til Næringslivet i Suldal kommune frå Stine Daldorff Konstituert kommuneoverlege i Suldal »
FOLKEHELSEINSTITUTTET (FHI)
Generell temaside med nyheter, oppdaterte tal, informasjon og råd om koronaviruset.
Informasjonsmateriell på fleire språk.
NÆRINGSLIVETS HOVEDORGANISASJON (NHO)
Samleside for informasjon og verktøy i møte med koronapandemien.
Råd og tiltak for reiselivsbransjen.
Spørsmål og svar om kompensasjon for omsetningstap.
Kan du bidra med helseutstyr? Les meir her.
VIRKE
Informasjon og siste nytt for næringslivet i møte med koronasituasjonen.
INNOVASJON NORGE
Innovasjon Norge har endra sine tilbod for å møte dei nye behova til næringslivet i møte med den nye situasjonen. Sjå alle tiltaka her.
Innovasjon Norge har gjort det enklare å få utsettelse på avdrag, og har forenkla prosessen med å søke. Meir informasjon finn du her.
NORSK FORSKNINGSRÅD
Informasjon om tiltak frå Norsk Forskningsråd for søkerar 2020.
SIVA
Samlingsside for informasjon om verkemiddel frå den nasjonale SIVA-strukturen.
NAV
Informasjon til arbeidsgivar i møte med koronaviruset.
Informasjon om permitteringar som ei følgje av koronaviruset.
SKATTEETATEN
SJØLVSTENDIG NÆRINGSDRIVANDE OG FRILANSARAR
LO om tiltak for å støtte opp om sjølvstendig næringsdrivande og frilanserar.
Økonomiske tiltak retta mot sjølvstendig næringsdrivande og frilanserar frå regjeringa.
NAV med informasjon om kva reglar som gjeld for sjølvstendig næringsdrivande og frilanserar.
HEIMEKONTOR OG IKT TRYGGLEIK
Auka bruk av heimekontor og dermed gjerne privat IT utstyr, kan bidra til at bedrifta i større grad blir utsett for uønska hendingar. Nasjonal Sikkerhetsmyndighet kjem med god informasjon rundt dette her.
SULDAL KOMMUNE
Samleside for informasjon om tiltak og reguleringar i Suldal kommune.
Samleside for informasjon om tiltak og reguleringar i Hjelmeland kommune.
Samleside for informasjon om tiltak og reguleringar i Sauda kommune.
FYLKESKOMMUNEN
Temaside for Rogaland fylkeskommune.
Informasjon frå fylkesmannen rundt koronasituasjonen.
FLEIRE SPØRSMÅL?
Ta gjerne kontakt med våre bedriftsutviklarar eller send oss ein post på post@suldalvekst.no så tek me ein prat kva tiltak og informasjon er relevant for di bedrift.