Loading Content..

Koronastøtte 2021

Som bedriftseigar kan det ofte vera forvirrande å forstå kva regler som gjeld til ei kvar tid og kva støtte ein kan få til si verksemd som eit resultat av dei offentlege støtteordningane Regjeringa har lansert. Her har me samla informasjon som er nyttig å ha oversikt over i starten av det nye året 2021.

Den nye kompensasjonsordninga 2021

Frå og med den 18. januar 2021 kan ein søke til den nye kompensasjonsordninga for kriseramma verksemder. Ordninga varer fram til 1.juli 2021.

Her er nyttig informasjon om ordninga:

  • Ordninga reknar kva støtte di verksemd får etter ei kompensasjonsgrad basert på faste uunngåelege kostnadar for bedrifter, og er for verksemder som har ein omsetnadssvikt frå og med 30 prosent. Graden av støtte ein får ligg på 85 prosent i november og desember 2020, og 70 prosent i september og oktober 2020.
  • Her kan du rekne ut omsetnadsfall og tilskot for di verksemd.
  • Brønnøysundregistra har også opna ei bemanna rettleiingsteneste der bedrifter og regnskapsførarar kan få svar på spørsmål og støtte til søkeprosessen. 
  • Regjeringa har uttalt at dei som kvalifiserer til støtte og har naudsynt dokumentasjon på plass vil få pengane på konto innan 2-3 verkedagar. Meir om dette her.

Trykk her for å søke.

Permitteringsreglar 2021

Reglane for permittering er endra fleire gonger i 2020 som følge av koronasituasjonen. Dei viktigaste hovudpunkta for permittering kan du lese om her.

Forlenga og utvida statlig lånegarantiordning 2021

Frå og med veke 14, 2020, blei det innført ei statleg lånegarantiordning for bedrifter i akutt likviditetskrise. Den nye forskrifta gjorde det enklare for korona-ramma bedrifter å få statsgarantert lån, og den gir moglegheit for avdragsfriheit på garanterte lån i tre år.  Ordninga med statlig garanterte lån for små og mellomstore verksemder blir forlenga ut første halvår 2021. Tilskotssatsen i låne- og tilskotsordninga blir også auka frå 40 til 60 prosent, i tilegg til at løpetida blir utvida til 6 år.

Her er nyttig informasjon om ordninga:

  • Bedrifter som kan vise til overskot i 2019 blir sett på som lønnsame. Det gjer det enklare for bankane å dokumentere at lovens vilkår om lønnsamheit er innfridd, og bør kunne føre til at fleire bedrifter får lån.
  • Det maksimale lånebeløpet i garantiordninga er to gonger bedriftas lønnskostnadar i 2019 eller 25 prosent av bedriftas omsetnad i 2019.  
  • Staten garanterer for 90 prosent av lånebeløpet til bedrifta. 
  • Lånegarantiordninga administrerast av banknæringa og dei som ønskjer å nytte seg av tiltaket må kontakte eigen bank om dette.

Moglegheit for å utsetje skattar og avgifter 2021

Finansdepartementet forlenger ordninga med utsatt innbetaling av skatt og MVA til 28. februar 2021. Ordninga gjer det enklare for skattemyndighetene å gi betalingsutsetjingar.Det er også opna for at dei som får godkjent utsetjing til 28. februar 2021 skal kunne betale utsette krav i seks månadlege avdrag, med første avdrag 1. april 2021. Avdragsordninga vil dempe belastninga for næringsdrivande og gjera det enklare å betale inn utsatt beløp. Dette er bra for mange bedrifter som går inn i det nye året med likviditetsproblem etter ei lang kriseperiode, forsterka av smittebølge to hausten 2020 og nye innstrammingar av samfunnet i starten av 2021.

Les meir om endringane i ordninga med utsette skatter og avgifter her.

Bedrifter kan også søke om utsatt betaling av andre skatter og avgifter i den nye forenkla søknadsordninga, der det er lagt opp til at ordninga skal gjelde fram til 31. desember 2020. Ved betalingsutsetjingar vil det normalt vera ei rente på 9,5 prosent. Denne renta for skatte- og avgiftskrav blir redusert til 6 prosent i perioden 10. juni til 31. desember 2020, i følgje Finansdepartementet.

Du finn meir informasjon om betalingsutsetjing og korleis ein søker hjå Skatteetaten.

Treng du råd eller rettleiing?

Me i Suldal Vekst tar gjerne ein prat med deg om du har spørsmål rundt kva moglegheiter og støtteordningar som er relevante for di verksemd. Ta kontakt direkte med våre forretningsutviklarar eller kontakt oss via epost på post@suldalvekst.no.

    Leave Your Comment Here