Loading Content..

KV Bygg Suldal har halvert mengda restavfall etter miljøsertifisering

KV Bygg Suldal blei sertifisert som Miljøfyrtårn i slutten av 2019. I løpet av det første året har dei halvert restavfallet til verksemda gått frå 68 941 kg til 24 997 kg. 

Bana veg for større miljøfokus i byggebransjen

KV Bygg Suldal har bana veg for miljøsatsinga i byggebransjen i regionen som det første byggfirmaet i Ryfylke som blei sertifiserte som Miljøfyrtårn. Jostein Aarhus, byggeledar ved KV Bygg Suldal, fortel at prosessen mot sertifisering var krevjande og spanande:

– Vår store utfordring er å sikre at arbeidet også fungerer i praksis. Det nyttar lite om me sorterer på byggjeplassen dersom dette fører til at transporten til og frå byggjeplassen går opp. Suldal har store avstandar og våre byggeprosjekt er allsidige så me må finne løysingar som er effektive og kan gjennomførast i det daglege.

Aarhus fortel at samarbeid har vore nøkkelen for å få til gode løysingar med god rådgjeving frå den lokale miljøfyrtårn-konsulenten, tilbakemeldingar frå dei tilsette og godt samarbeid med Suldal Renovasjon, som også er Miljøfyrtårn.

Halvert restavfallet til verksemda

I dag står bygg og anlegg for 25% av alt avfall i Noreg, noko som gjorde dette til eit naturleg fokus i miljøarbeidet til KV Bygg Suldal. Dette har gitt store resultat med ei halvering av restavfall i verksemda frå 68 941 kg i 2019 til 24 997 kg i 2020. 

– I vår bransje er det ikkje i alle prosjekt me kan gjera så mykje med mengda på avfallet, men me kan bli betre på å minimera og sortera restavfallet. Med eit stort fokus på dette frå dei på byggeplassane våre har dette gitt særs gode resultat, fortel Aarhus.

– Me har også arbeidd systematisk for å redusera transport og leveransar til byggjeplass. Her har samkøyring, tilrettelegging frå dei tilsette og betre planlegging ved innkjøp vore avgjerande. Dette har resultert i solid reduksjon i forbruk av drivstoff, fortel Aarhus.

Eit viktig grep for framtidsretta drift

Jostein Aarhus fortel at miljøsertifiseringa var eit viktig grep for verksemda for å svare på stadig høgare krav til miljøansvar frå kundar, tilsette og myndigheiter:

– Som miljøfyrtårn byggjer me ei sterk merkevare som møter forventningane til kundane våre, viser at me er framtidsretta og at me etterlever viktige verdiar i samfunnet. Det blir også enklare å dokumentera miljøarbeidet vårt i ei tid der ein ser at det stadig blir sett strengare miljøkrav i offentlege anskaffingar. 

– Me vil halde fram med arbeidet framover og forankre dette i gode rutinar. Når fleire leverandørar også blir miljøsertifiserte bidrar det positivt til miljøarbeidet for byggfirma som KV Bygg Suldal, avsluttar Aarhus.

    Leave Your Comment Here