Loading Content..

Kvinnedagen: Kvinner står for 12% av toppleiarane i Noreg

Kvar gong den 8. mars visar på kalenderen er kjem den same debatten opp. Er det behov for ein kvinnedag her i Noreg? Har me i Noreg ikkje kome langt nok med likestillingsarbeidet til at denne dagen blir litt meiningslaus?

Kvinnedagen er sjølvsagt ein dag for å reflektere over, sette pris på og feire kampen som alle personane før oss har lagt ned for å skaffe eit likestilt og mangfoldig samfunn. Like viktig er det derimot å bruke denne dagen til å setje fokus på alle dei utfordringane me framleis står ovanfor som ein del av likestillingskampen. Her kjem næringslivet ut som den nest dårligaste sektoren, like etter forsvaret (sjå her). Tala viser at kun 12% av toppleiarane i Noreg i dag består av kvinner. Samstundes står kvinner for 20% eller mindre av våre gründerar i aksjeselskap og investorar (sjå her). Kvinner står også for 1% av investeringar inn i nyetablerte selskaper (sjå her) – noko som sjølvsagt også påverkar dei nye bedriftene som er starta eller retta mot kvinner som treng kapital.

Kvifor er det slik at kvinner kjem ut så dårleg i eit land der me likar i sjå på oss sjølve som likestilte? Det blir hevda at det blir større forskjellar mellom menn og kvinner i eit likestilt land då kvinner har større valgfriheit til å gå den retninga dei sjølv ynskjer. Det blir også hevda at kvinner sjølv ikkje ynskjer å ta leiarstillingar. Undersøkingar viser at ein i Noreg i dag framleis har ubevisst kjønnsdiskriminering i større delar av samfunnet. Større delar av rekutteringa skjer gjennom uformelle nettverk og det er framleis slik at kvinner ofte ikkje får den annarkjenninga som kompetansen deira tilseier. Sjølvtillitt spelar også inn her, og det faktum at kvinner ofte treng å føle på ei sikkerheit før dei set seg i nye utfordrane situasjonar. Ein ny rapport frå Innovasjon Norge viser at heile 45% ynskjer å bli entreprenørar.

Næringslivet, og samfunnet, gagnast av å ha eit likestilt leiarskap. Analyser viser at det er samanheng mellom likestilling og lønnsomheit. Kvinner står også for 50% av kundegruppa til dei fleste bedrifter – noko som i seg sjølv viser at ein må ha med dei som skal bruke produkta som ein del av leiinga og utviklinga av produkta og tenestene.

Det er også viktig å nevne at rapporten frå Innovasjon Norge viser at talet på kvinner som startar enkeltmannforetak har auka med 3 prosentpoeng dei siste 5 åra.

Gratulerer med dagen, både kvinner og menn! Denne dagen, og det den står for, gagnar oss alle!

    Leave Your Comment Here