Loading Content..

Ledige stillingar

Suldal Vekst As er eit innovasjons- og utviklingsselskap. Me deltek aktivt i utviklingsarbeid for bedrifter og offentlege samarbeidspartnarar. Hovudaktiviteten er å hjelpe gründerar og eksisterande bedrifter med å utvikle sine forretningsidear og verksemder. Me legg til rette for gode møteplassar, kurs og kompetanseheving for næringslivet, og har også prosjektoppdrag. Selskapet er ein SIVA partnar og er operatør for det nasjonale næringshageprogrammet. Oppfølging av næringshagebedrifter i Suldal, Hjelmeland og Sauda er sentralt. Me brenn for å gjere gode idear til arbeidsplassar, bidra til vekst og utvikling i eksisterande og nytt næringsliv. Me ønskjer å inspirere og motivere bedriftene våre til å tenkje nytt og innovativt og løfte blikket mot framtida.

Suldal Vekst får stadig nye oppdrag og treng fleire flinke folk.

Me har no ein ledig stilling som forretningsutviklar og ein stilling som kommunikasjons- og prosjektkoordinator.

FORRETNINGSUTVIKLAR

Suldal Vekst As treng å styrke kapasiteten vår innan forretningsutvikling og prosjektleiing. Om du har lyst å jobbe med forretningsutvikling og bidra til å skape vekst og konkurransedyktige bedrifter, samt bidra til etablering av nye bedrifter og nye arbeidsplassar – då kan dette vere jobben for deg.

Sentrale arbeidsoppgåver og ansvarsområde:

  • Leggje til rette for utvikling av eksisterande næringsliv
  • Rådgiving og oppfølging av innovative bedrifter
  • Vurdering av forretningsidear, forretningsmodellar og strategi
  • Ta initiativ til, utvikle og leie nye lønsame utviklings- og samarbeidsprosjekt med andre verksemder og innovasjonsmiljø.
  • Leggje til rette for nettverksbygging og møteplassar
  • Prosjektleiing
  • Administrering av interne verktøy og arbeidsmetodar innan forretningsutvikling

Me ser etter deg som:

  • Har erfaring innanfor innovasjons- og endringsprosessar, forretningsutvikling og prosjektleiing.
  • Har relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå.
  • Har forretningsteft, er løysingsorientert og kan bidra til utvikling av næringsverksemd.
  • Gjerne har kjennskap til verkemiddelapparat og finansielle støtteordningar.
  • Har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.
  • Er analytisk, ser moglegheiter og likar å skape varige verdiar.
  • Er engasjert, initiativrik og sjølvstendig og kan motivere til utviklingsarbeid.
  • Er ein lagspelar og god på relasjonsbygging.

Me tilbyr:

  • Ein utfordrande og spennande jobb der ditt bidrag blir viktig for bedrift og region
  • Moglegheit til å kunne påvirke utviklinga i regionen
  • Fleksible arbeidstidsordningar og løn etter avtale
  • Hjå oss vil du inngå i eit sterkt team og ha ei allsidig rolle med gode utviklingsmoglegheiter, og du vil i stor grad kunne påverke din eigen arbeidskvardag.

Stillinga er 100 %.

Reiseverksemd må påreknast.

Søknadsfrist er 1. juli 2020

Søknad med CV vert å sende til dagleg leiar, Laila Steine på epost laila@suldalvekst.no. Du kan ta kontakt på telefon 97775757 om du har spørsmål rundt stillinga.


KOMMUNIKASJONS- OG PROSJEKTKOORDINATOR

Kommunikasjons- og prosjektkoordinatoren vår har ansvar for å kommunisere Suldal Vekst sine aktivitetar og tilbod gjennom sosiale medier, nettsider, presse og andre typar media. Stillinga inneheld også prosjektoppfølging og administrative oppgåver knytt til prosjektstyring.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Kommunikasjons- og marknadsarbeid
  • Prosjektadministrasjon og oppfølging prosjekt
  • Generell administrativ støtte
  • Planlegging/gjennomføring av arrangement og aktivitetar

Me ser etter deg som:

  • Har relevant utdanning og har erfaring med kommunikasjons- og prosjektarbeid
  • Er ryddig og strukturert
  • Tar initiativ og likar å ha ansvar
  • Har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.
  • Er serviceinnstilt, løysingsorientert, sjølvstendig og fleksibel
  • Er ein lagspelar og god på relasjonsbygging.

Me tilbyr:

  • Ein spennande jobb i eit utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • Fleksible arbeidstidsordningar og løn etter avtale
  • Hjå oss vil du inngå i eit sterkt team og ha ei allsidig rolle med gode utviklingsmoglegheiter, og du vil i stor grad kunne påverke din eigen arbeidskvardag.

Stillinga er 50 %.

Søknadsfrist er 1. juli 2020

Søknad med CV vert å sende til dagleg leiar, Laila Steine på epost laila@suldalvekst.no. Du kan ta kontakt på telefon 97775757 om du har spørsmål rundt stillinga.