Loading Content..

Læring i Næring

Rytopp. Foto: Jan Nordtveit.

Kva er læring i næring?

Læring i Næring-prosjektet gir deg i 9.trinn ved Sand skule kjennskap til verksemder i Suldal og ulike yrkesretningar. Gjennom programmet vil du bli meir kjend med korleis du finn jobbannonser, korleis du søker til eit jobb, du får vera med på ein intervjuprosess og er du heldig vil du kanskje få tilbod om ei jobb for ei veke! Målet er at dette skal gjera det enklare for deg å vite kva du vil søke deg vidare på etter ungdomsskulen, i tillegg til at det skal gjera det meir kjend med arbeidslivet og kva som er venta av deg av ein arbeidsplass. Prosjektet går ut skuleåret 2023 og startar med informasjonsdag i 9 trinn i januar.

Gjennom prosjektet får 9. trinn vera med på bedriftsbesøk, søknadsskriving, intervjurunde og eventuelt jobbtilbod ei veke. Arbeidsattest vil bli delt ut til ungdommane etter prosjektet er avslutta. Alt skjer utanom skuletid som på ettermiddagar, feriar og helger. Ungdommen sjølv gjer val om kven dei skal besøkje og kva jobbar dei vil ha, noko som oppmuntrar til å ta eigne val og ta ansvar for eigen læring. I 2023 er eit tjuetals bedrifter og avdelingar i Suldal kommune med på prosjektet og 51 ungdommar i 9 trinn.

Læring i Næring prosjektet er vinn-vinn for langsiktig rekruttering for både næringsliv og ungdommar. Næringslivet får tidig kontakt med ungdommane med tanke på ekstrahjelp og helge/sommarjobbar, samtidig som ungdommane får jobberfaring og ein lærekurve for korleis dei skal te seg før og etter ein jobbsituasjon.

Etter 13 års erfaring i Suldal Vekst med Læring i Næring er dette ei viktig rekrutteringsarena for heile Suldal og gir tidlege relasjonar mellom skule og næring.

Årets informasjonsdag

Læring i Næring-prosjektet tek digitale flater i bruk mot ungdommane for å synleggjere bedrifter i Suldal. På informasjonsdagen blir det  både fysisk møte og  digitale presentasjonar av næringslivet i Suldal. Kvar bedrift presenterer også si jobbannonse til ungdommane, noko som dannar grunnlaget for å skriva ein søknad.

Informasjonsdagen for 9. trinn i Suldal i 2023 er på Sand Skule 24. januar.

Agenda for LIN 2023

Her finn du oversikt over programmet for Læring i Næring-prosjektet for 2023. Dette kan vera nyttig for å hugse viktige dagar og fristar.

Bedriftsprofilar 2023

Her finn du annonser frå alle bedriftene som er med på Læring i Næring-prosjektet.

Sjå filmen for dei bedriftene som ikkje du fekk møta på informasjonsdagen og nettsida til dei bedriftene som var til stades. På denne måten kan du lære meir om bedriftene, sjå kva dei spør etter og finne utav kva arbeidsplass du kan tenkje deg å prøve ut om du blir valt etter intervjuet i bedrifta.

Last ned annonsa på dei bedriftene du vurderer å søke til ved å klikke på «last ned» ved sida av bedriftsnamnet. Du kan søkje fleire stader og gå på fleire intervju. Men du kan  berre velje ein (1) jobb i prosjektet. Dette er for at flest mogleg i 9. trinn skal få prøve ut eit yrke.

Fjordbruk og landbruk

Industri, bygg og anlegg

Kultur og service

Undervisning og omsorg

Formidling og kommunikasjon

Mat og reiseliv

Nyttige lenker og malar

Her finn du lenker til nyttig informasjon i søknadsprosessen og dersom du får deg jobb gjennom prosjektet. Du finn også ein søknadsmal her som er eit godt utgangspunkt når du skal skrive eigen søknad til ei bedrift. Har du spørsmål kan du kontakte oss på post@suldalvekst.no.

Malar

Tips og råd