Loading Content..

Læring i Næring – ei investering i framtida

Kva er Læring i Næring?

  • Ungdom, det året dei går i 9.klasse, får moglegheit til å søkja praksisplass i ulike lokale bedrifter.
  • Læring i Næring skal vera eit tillegg til den yrkesrettleiinga som vert gitt i skulen.
  • Opplegget er frittståande frå skulen, praksis skjer på fritida.
  • Bedriftene i Læring i Næring gir ungdomane ein sjans til å ”prøva ut” enkelte fagområde, få arbeidserfaring, knyta kontaktar mot framtidig arbeid, og kanskje bli så interesserte og motiverte at dei vel å ta ei vidaregåande utdanning innan det dei har fått praksis i.
  • Læring i Næring er ei investering i framtida for ungdomane og det lokale næringsliv. Ei målsetting er langsiktig rekruttering til lokale bedrifter.

Kva oppnår mi bedrift med å vera med?

❑ Positivt omdøme i lokalsamfunnet, marknadsføring av eiga bedrift
❑ Interesse for faget
❑ Nettverk
❑ Påverknad i yrkesval m.m. blant ungdomane
❑ Stabil og dyktig arbeidskraft/rekruttering på lang sikt
Læring i næring vert organisert/tilrettelagt gjennom Suldal Vekst.

Korleis?

  1. Hovudkontoret legg til rette for at de kjem i kontakt med ungdomane,
    gjennom ei bedriftsorientering på skulen i august/september.
  2. Bedrifta inviterer til bedriftsbesøk for interesserte ungdomar
  3. Vidare inviterer de til skriftleg jobbsøknad.
  4. De har intervju med aktuelle søkjarar og
  5. Tilset den eller dei de ser som interessante, og gjer tilbakemelding til dei som dessverre ikkje fekk muligheita denne gong.

Bedrifta er arbeidsgjevar for ungdomen i Læring i næring. I det dykk har tilsett ein ungdom har de ansvar for vidare kontakt med ungdomen, arbeidsavtalar, forsikring, lønn m.m(Lønn er f.t. kr 80,- per time.). Eleven/arbeidstakaren føljer eles arbeidsregulativa i ansatt bedrift. Det er også de som avsluttar arbeidsforholdet seinast i utgongen av mai månad.
Det er bedrifta som gjennom avtale med ungdomen bestemmer kor mykje
han/ho skal få av praksis. I utgangspunktet er det eit minimum på 37,5 timar og at desse arbeidstimane blir lagt til ungdomen sine fridagar/feriar.
Læring i Næring – ei investering i framtida. De står fritt i forhold til kva avtale de gjer med ungdomane. Eit arbeidsforhold kan også avsluttast når som helst viss det ikkje tener hensikta med Læring i Næring.
Me ynskjer mest muleg realistisk opplegg mot elevane som ein elles legg opp til ved ein tilsetjing i arbeidslivet. Dette er ei viktig erfaring for 14- 15 åringane tar med seg vidare.

Hovudkontoret bidrar med:

  1. Mal for stillingsannonse
  2. Standard arbeidsavtale
  3. Mal for attest til ungdomane
  4. Forskrifter for arbeid av barn og unge
  5. Rettleiing for yrkesskadeforsikring
  6. Mal for evalueringsskjema
  7. Erfaringsdeling ved ulike problemstillingar
  8. Mal for svarbrev til søkjarar

Læring i Næring er ein del av satsinga på langsiktig rekrutteringsarbeid i Suldal.
Denne satsinga har som mål å få barn og unge til å sjå moglegheiter i lokalt
næringsliv. Langsiktig rekrutteringsarbeid handlar om haldningar,
personlege eigenskapar, ressursforståing, lokalsamfunnskunnskap og
handlingskompetanse.
Vi har tiltak for barn og unge både i og utanfor skulen.
For ytterlegare informasjon:


Kontakt Marit Larsen
Suldal Vekst
Mobil: 90684861
E-post: marit@suldalvekst.no
Sandsvegen 134
4230 Sand