Loading Content..

Næringshagen

Ein næringshage er ein operatør for Siva sitt næringshageprogram og er eit bedriftsfellesskap som arbeidar for utvikling av næringslivet i sin region. Næringshagemiljøet er ei rekkje bedrifter som både er samlokaliserte i næringshagen eller er knytta til oss gjennom tett samarbeid og oppfølging. Næringshagen gir bedrifter i distrikta eit innovativt, fagleg og sosialt miljø.

Næringshageprogrammet er eit distriktspolitisk verkemiddel og har som hovudmål å bidra til auka verdiskaping, vekst, og utvikling av norsk næringsliv i distrikta. Næringshageprogrammet skal i tillegg vere eit verkemiddel for fylkeskommunane og bidra til å styrke fylkeskommunane si rolle som regional utviklingsaktør.

Les meir om næringshageprogrammet her: Siva og Næringshagene i Norge.