Bedriftsutvikling

Ein god gründer mistar aldri entreprenøren i seg, og Suldal Vekst er partnar for næringslivet og kan hjelpe deg med å vidareutvikle bedrifta di.
Bedrifter som veks har ofte ein plan for korleis dei vil at ei framtid skal sjå ut. Dei veit kor dei skal og på kva måte dei skal komme dit. Ikkje minst er dei bevisste på kva bedrifta treng for å kunne veksa. Har di bedrift ambisjonar om bli større enn i dag? Ta eit steg til frå det som er relativt behageleg og trygt til ei framtid du ikkje heilt kjenner? Kva potensial har bedrifta for å veksa?
Er di bedrift i ein fase der ein har fokus på vekst og auka verdiskaping eller på å sikre og og styrke posisjonen bedrifta allereie har? Treng du å byggja kompetanse, styrka aktivitet og byggja sterkare lojalitet hjå eksisterande og nye kundar? Me kan bidra med nyttige nettverk, forretningsutvikling, styrekompetanse, vekstprogram, mentorordningar og kompetanse.
Ta gjerne kontakt med oss – me har verktøy for å få på plass ein vekststrategi for di bedrift.