Loading Content..

North Sea Link: Verdas lengste kraftkabel mellom Suldal og Newcastle

National Grid i England og Statnett i Noreg jobbar med eit prosjekt med å legge det som blir verdas lengste kraftkabel mellom Noreg og England. Kabelen, kalla North Sea Link, vil kople dei nordiske og britiske marknadane samen rundt grøn energi, og gi fordeler på begge sider av kabelen. Når det bles i Storbritannia og vindkraftproduksjonen er høg kan me kjøpe billig kraft frå britane, og la vatnet ligge i våre magasin. Når det er mindre vind kan britane kjøpe vasskraft frå Noreg. Kabelen skal vera ferdig i 2021.

Det er mange fordelar med dette samarbeidet, som mellom anna auka forsyningssikkerheit, auka verdiskaping, tilrekkelegging for å auke produksjon og forbruk av fornybar energi og meir forutsigbar forsyningssituasjon og pris gjennom året.

Les meir om prosjeketet og sjå den flotte filmen til Statnett på deira nettsider her.

    Leave Your Comment Here