Loading Content..

Omlag 30 personar møtte til seminar rundt aktivitetsturisme

Onsdag 26. januar deltok omlag 30 personar til workshop for aktivitetsturisme i Suldal. Her fekk ein presentasjonar frå nye og spanande satsingar og etablert reiseliv, i tillegg til fagleg innhald.

Trass i ein krevjande periode for reiselivet har ein dei siste åra og månadane sett ei stor satsing på utvikling av nye aktivitetstilbod i reiselivet i Suldal. Dette er i form av engasjement og samarbeid blant etablerte aktørar, i tillegg til nye og spanande satsingar frå nye aktørar. Dette var bakgrunnen for at Suldal Vekst og Suldal Næringsforening v/Reiselivsgruppa inviterte inn til felles workshop for aktivitetsturisme i Suldal.

Seminaret starta med ein presentasjon om strategiar og arbeid til aktivitetsbygda Voss presentert av Gry Bystøl, dagleg leiar i destinasjonsselskapet Visit Voss. Vidare fekk ein informasjon frå den nye kommunalsjefen for kultur- og samfunnsutvikling Øyvind Stueland og leiar i Reiselivsgruppa v/Suldal Næringsforening Helge Naustvik. Her blei arbeidet til Reiselivsgruppa presentert og Naustvik inviterte fleire aktørar til å melde seg inn som medlem. Det er aktørar som er medlem i Reiselivsgruppa som blir promoterte gjennom kanalane til Visit Suldal med nettside, sosiale medier, turistbrosjyre og kampanjar.

I neste del av samlinga fekk ein presentasjonar frå ulike nysatsingar i Suldal. Aktiv Fuglestein presenterte deira nye tilbod med padleturar i Økstrafjorden, Suldal skigleder introduserte sine skikurs, FjordExpedtion informerte om deira vidare satsing på fjorden ved og rundt Jelsa, Suldal Frivilligheitssentral presenterte deira prosjekt for det nye året og LOKIS tok gruppa med på ei musikalsk reise inn i Suldalsnaturen. Vikane hyttetun presenterte sitt arbeid gjennom det siste året, STAS- Knallform informerte om si nye satsing, Joker Vatlandsvåg presenterte deira tilbod og Ryfylkemuseet informerte om nye planar.  

Like etter pause ga Odd Aage Aas frå Sparringspartneren informasjon om viktigheita av godt risiko og sikkerheitsarbeid i aktivitetstilbodet før Suldalsalliansen tok over ordet. Suldalsalliansen informerte om status på deira satsing rundt aktivitetsturisme relatert til sykkel, vandring og vatn. Aktørane Energihotellet, Mo Laksegard/Jelsa hotell og Ryfylke fjordhotell presenterte også deira indiviuelle satsingar på aktivitetsturisme.

Samlinga blei avslutta med ein felles workshop der ein i grupper diskuterte moglegheiter for vidare utvikling av aktivietstilbodet og arrangement relatert til aktivitetsturisme i Suldal. Seminaret vil bli fuglt opp med fleire nettverksarenaer og møteplassar med same tema.

    Leave Your Comment Here