Loading Content..

På Sporet Av Vekst

  • Ønsker bedrifta di å kartlegga potensialet for vekst?
  • Ønsker du å kartlegga potensialet til bedrifta di? 
  • Har du og bedrifta ambisjonar for vekst?

Et bedriftsutviklingsprogram for distriktskommunar

SAMARBEID OM BEDRIFTSUTVIKLING 

Innovasjon Norge Rogaland, Næringshagane i Rogaland, Connect Vest, og Rogaland fylkeskommune har gått samen og tilbyr nå små og mellomstore bedrifter i distrikta i Rogaland eit bedriftsutviklingsprogram for vekst. Me har samla verktøy, metodikk og kompetanse frå dei fire samarbeidspartnerane og samordna verkemidlane våre med mål om å tilby bedrifter eit komplett utviklingstilbod. 

Vekst Sporet 

Vekst Sporet er Næringshaganes unike verktøy for vekst og utvikling. Det bygger på filosofien om at alle bedrifter har eit vekstpotensial som kan realiserast om ein fokuserer på aktivitetar som bidrar til innovasjon og vekst.

Ved å bruka Vekstsporet går ein inn i ein prosess der ein samlar nøkkelpersonane til bedrifta for samtalar og bevisstgjering. Samtalane tar utgangspunkt i ein av 4 veksttavler. Dette bidrar til ein god kartlegging av bedriftas ståstad. I prosessen finn ein ut der «skoen trykker», som vidare vil initiera og prioritera tiltak for å realisera vekst

Det er utvikla fire Vekst Spor- områder (tavler).
Dette er innan forretnings- områdane:
1) Leiing, organisasjon og strategi,
2) Sal og marknad,
3) Produkt /tenester, utvikling og FOU.
4) internasjonale moglegheiter.  

Representant frå Innovasjon Norge og Næringshagen deltar samen med nøkkelpersonar frå bedrifta i ein samtale (Vekst Spor- metoden) som tar omlag 3 timar.

Vekst Spor- gjennomgangen skal resultere i forslag til handlingsplan/strategi frå Næringshagen som sumerar opp kva for konkrete vekstinitiativ som kom fram under samtalen. 

Kompetansetilbod 

Vekst Spor-prosessen vil avgjere kva slags kompetanse og ressursar bedrifta vil trenge for aktivt å ta tak i og vidareutvikla vekstinitiativ som Vekst Spor- prosessen har avdekke.

Ulike verkemidlar som kan tas i bruk:

Innovasjon Norge: Innovasjon Norge har ulike kompetansetiltak for bedrifter. Dette kan f.eks. være innan internasjonalisering og eksport, berekraft og grøne forretningsområde, digitalisering, lean startup og lean produksjon, IPR, forretningsmodellering mv. Innovasjon Norge har også ulike tilskotsordningar bedrifta kan nytta seg av.

Næringshagane: Næringshagane gir tilbod om forretningsutvikling og har både egen kompetanse og kompetanse i ulike nettverk næringshagen deltar i. Gjennom deltaking i Siva sitt næringshageprogram gis ulike kompetansetiltak som deltaking i
1) Vekst Program,
2) Mentor ordning (Vekst Partnar),
3) Nettverksarbeid,
4) Kurstilbod, med meir.

Næringshagane er en av Rogaland fylkeskommunes regionale utviklingsaktørar og kan gi bedrifta informasjon om fylkeskommunes verkemidlar til bedrifter.
Rådgivarar i fylkeskommunes næringsavdeling kan også koplast direkte til bedrifta.
Næringshagane har i tillegg ytterlegare nettverk til andre verkemidlar som bedrifta kan koplast opp mot, alt avhengig av bedriftas ståstad og behov for utvikling.

Connect Vest : Connect Vest er et non-profitt selskap som tilbyr kompetanseprogram for bedrifter samt program Springbrett, investor- og partner møter samt en mentor ordning. Det kan vera bedrifter som deltar i bedriftsutviklingsprogrammet som vil ha nytte av ein eller fleire av desse tilboda.