Loading Content..

Påskequiz

Velkommen til Suldal sin store påskequiz! 

Foto: Unsplash

Her kan både vaksne og born bryne seg på spørsmål relatert til både påska og kommunen vår. Veit du kor mange appelsinar et nordmenn i løpet av påska? Eller kva ein suldøl meiner når noko er «løye»? Kva årstal den siste mjølkeruta til Suldal kommunale rutebiler gjekk? Her får du testa deg!

Ved å trykke på lenkene nedanfor vil du automatisk få tildelt 20 spørsmål frå vår spørsmålsbank.

Du kan delta så mange gonger du ynskjer kvar dag, men me anbefaler å delta ein gong kvar dag frå skjærtorsdag til første påskedag for å vera med i trekninga av kjekke dagspremiar.

Me trekk også ein heldig vinnar andre påskedag frå alle som har delteke av hovudpremiane som er gåvekort på overnatting i suite med 4-rettars middag (Energihotellet) for vaksne og klippekort på Suldal Bad (Suldal Bad) for born.

Møter du på utfordringar med quizen kan du sende oss ei melding på suldal@visitsuldal.no.

Lukke til!

Påskequiz for vaksne

Påskequiz for born

Annonsering av vinnarar og kåring

Alle som deltek og legg igjen kontaktinformasjon vil vera med i trekninga av flotte premiar. Det vil bli kåra fleire vinnarar kvar dag frå skjærtorsdag til første påskedag, i tillegg til ein hovudpremie som blir annonsert andre påskedag. Alle vinnarar blir kontakta og informasjon vil bli annonsert her på denne sida og i kanalane til Visit Suldal.

Premiane er som følgjer:
– Overnatting for to i ny suite med 4 rettars basert på kortreist mat (Energihotellet),
– Posar med vår lokale «Suldalskvetten» kaffe (Brunsj),
– Klippekort til Suldal Bad (Suldal Bad), Symjebriller (Suldal Bad),
– Snopepose (Kulturhuset i Suldal),
– Joker termokopp (Joker Vatlandsvåg),
– Søndagsmiddag for to (Ryfylke Fjordhotel),
– Gåvepakke (Bustad),
– Sekk med ullsole og impregneringsspray (Skohjørna),
– Kviebjørnkopp med snop (Ryfylkemuseet),
– Termokopp (Møgedal Mek. Verkstad),
– Caps ( Tjelmane Dekkservice),
– Gåve (Sand Møbelsenter),
– Gåve (Sand Blomster),
– Logopakke (Sand Bok og Elektro),
– Solprodukt (Boots Apotek),
– Kopp med Discovery Route-design (Discovery Route),
– Påskeegg (Suldal Vekst),
– Hjulskift (Sand Servicesenter),
– Førstehjelpsveske (Sand Sport),
– Lumens Lykt (Monter Suldal).

Me vil gjerne takke alle verksemdene som har stilt med premiar til påskequizen. Me vil også rette ein takk til Terje Bråtveit og Kolbein Bakka for bidrag til påskequizen.

GDPR – Personvernerklæring

Personopplysningar som vart samla inn i denne konkurransen er berre til bruk for å kontakta vinnarane. Etter at konkurransen er slutt vart alle personopplysningar knytta te denne konkurransen sletta. Viser òg til generelle personvernreglar for Suldal Vekst, sjå link.

Quizen er levert som eit samarbeid mellom Suldal kommune, Suldal Vekst, Visit Suldal og Suldal Næringsforening.