Loading Content..

Podcastar til inspirasjon for entreprenørar

Podcastar har lenge vore populært i land som USA og England, men er nå i ferd med å bli ein meir og meir nytta kanal også i Noreg for å tileigne seg kunnskap om tema ein interesserer seg for. Innanfor bedriftsutvikling og entreprenørskap kan ein også finne fleire gode podcastar som ein kan la seg inspirere og underholde av. Her er nokre av våre favorittar:

  • Power Ladies: Fantastisk flinke Yrja gjer dybdeintervju med unge kvinner i Noreg som har skapt ei bedrift og eit liv rundt ein ide som dei brenn for. Her får ein tips, triks og inspirasjon til korleis ein sjølv skal tørre å ta skittet med å starte sit eige grundereventyr.
  • Future Forecast: Podcast produsert av Isabelle Ringnes saman med Oslo Business Forum der dei fokuserer på lederskap, teknologi og bærekraft med inspirerande ledarar og entreprenørar frå heile verda.
  • Framgangspodden: Alexander Paleros held Nordens største intervjupodcast der ein møter personar som Petter Stordalen, Isabella Lowengrip og Jesper Parnevik for å høyre meir om deira liv og bedrifter.
  • Stormkast: Petter Stordalen og Per Valebrokk inviterer kvar veke spennande gjester frå norsk næringsliv til å diskutere ulike saker i nyhetsbilde.
  • How I built this With Guy Raz: Guy Raz intervjuar personane bak nokre av dei mest kjente selskapa i verda for å høyre korleis dei starta og utvikla si bedrift. Her får du høyre at starten til Instagram, AirBnb og Loney Planet ikkje var like enkel som ein kanskje skulle tru!
  • The Tim Ferriss Show: Tim Ferriss står bak det som kanskje er den mest kjende business podcasten i verda. Her intervjuar han kjende personar innanfor tema som investering, entreprenørskap og idrett for å kartlegge kva taktikkar, verktøy og rutinar dei nyttar seg av i sin kvardag.


Du kan høyre på podcast gjennom Podcast-appen på iPhone, apple store, google play eller Spotify.

    Leave Your Comment Here