Loading Content..

Reiselivet i Suldal satsar på kompetanseløft – innfører Suldalsstandard

Suldalsstandarden skal sikre kvalitet – og kompetanse i alle ledd i reiselivsbedriftene. Ryfylke Fjordhotel er ei av bedriftene som gler seg over plattforma som no blir laga for vertskapa i Suldal. 

Laurdag 12. juni inviterer Suldal kommune, Suldal Vekst/Visit Suldal og Suldal Næringsforening til felles KICK OFF for sommarsesongen på Ryfylke Fjordhotel, der den nye «Suldalsstandarden» blir lansert. 

– Suldølen er allereie eit godt vertskap for gjestene sine. Gjennom Suldalsstandarden vil ein kunne få endå meir kunnskap om Suldal som eit berekraftig reisemål og alle opplevingar og tilbod som finst her. Gjestene våre møter eit vertskap som er klare til å levere gode og nære opplevingar og som inviterer til å bli eitt døgn og to ekstra, seier Laila Steine, dagleg leiar i Suldal Vekst.

Tilbyr aktivitetar 

Per Kristian Djuvsland er hotelldirektør ved Ryfylke Fjordhotel og Basecamp, og har eit sterkt fokus på å tilby turistane gode aktivitetar og opplevingar, som gjerne gjer at gjestene stoppar litt lenger enn først planlagt. 

– Eg tenkjer Suldalsstandarden er eit godt fundament å få på plass ,  det vil styrke Suldal som destinasjon, og gjerne føre til at ein får nye besøkjande, og ikkje minst få dei til å kome tilbake. Frå vår side er det viktig å bygge heile Suldal som reiselivsdestinasjon, og ikkje berre enkeltbedrifter, meiner han. 

Norwegian Experience (NX) kjøpte  Ryfylke Fjordhotel våren 2020, og i oktober overtok Djuvsland som dagleg leiar. Selskapet har lang fartstid i reiselivet i Ryfylke, og har som mål å gjere ikoniske naturattraksjonar tilgjengelege på ein enkel og ansvarleg måte. NX eig og driv Preikestolen Basecamp, Ryfylke Fjordhotel & Basecamp og guidefirmaet Outdoorlife Norway.  Hotellet på Sand satsar no på aktivitetar som vandring, kajakk-utleige, sykkelturar, turar med RIB-båtar og no har dei også planar om å få på plass ein badstubåt. 

– Eg er imponert over samarbeidsviljen, både hjå dei andre aktørane i Suldal og kommunen, slår Djuvsland fast. 

Felles kvalitetsløft 

Suldalsstandarden er eit felles kvalitetssikrings- og kompetansehevingsprogram for næringsliv, reiseliv og andre organisasjonar som er i møte med gjester i sitt arbeid. Programmet er delt inn i fire deler:

  • Felles KICK OFFfor sommarsesongen. Her presenterer organisasjonar i Suldal sommarens tilbod, ein får ei innføring i «det gode vertskap» og det digitale Suldalskurset og ein får ei oversikt over sommarprogrammet. Sauda Feire & Fritid, Lysefjorden, Reisemål Ryfylke og Ullensvang presenterer også.
  • Lansering av eit digitalt Suldalskurssom alle vertar tar via mobilapplikasjon.
  • Kvalitetsutvikling
  • Felles evaluering for vidare utvikling

Utgangspunktet for Suldalsstandarden er å samle kommune og næringsliv for eit felles fokus på å styrkje kunnskapen om opplevingar og tilbod i kommunen og tettare samhandling på tvers av verksemder og grend. Målet er å sikre større verdiskaping i kommunen, inspirere gjestene til å bli ein dag ekstra og felles fokus på vidare utvikling.

Suldalsstandarden er ein del av Suldal sitt arbeid som merka «Berekraftig reisemål». Eit merke som viser at reisemålet systematisk kartlegger indikatorar som sikrar at ein utviklar reiselivet på ein måte som tek omsyn til sosiale, miljømessige og økonomiske faktorar. I dag er det i underkant av 20 reisemål i Noreg som har dette merket.

    Leave Your Comment Here