Loading Content..

Reiselivets betydning i Suldal 2017: 120 millionar i lokal verdiskaping og sysselsetjing av 200 personar

Menon Economics har utvikla ein ringvirkningsanalyse for reiselivet i Suldal, på vegane av Suldal kommune, Suldal Vekst, Suldal Næringsforening og Visit Suldal. I rapporten kjem det fram:

  • Natur og naturopplevingar, besøk til små tettstader og byar og Nasjonale Turistvegar har høg gjennomsnittscore på spørsmål om kor viktig ulike aktivitetar er.
  • Gjestene oppgir å vera mest nøgd med vertskap og service, og vandring (gå på tur). Folk er også nøgd med overnatting, informasjon om bruk av naturen og informasjon om Suldal og aktivitetar. 9 av 10 svarar at de er nøgd med opplevingane sine i Suldal.
  • Det var totalt 170 000 overnattingsdøgn i Suldal i 2017, og klart flest ved private fritidsboligar
  • Det ble tilbrakt 46 000 kommersielle gjestedøgn i Suldal i 2017, og flest ved ulike hotell. Det er ei jamn sesongfordeling på dei kommersielle gjestedøgna.
  • I Suldal er det nærmare 1900 fritidsbygningar, og av desse er det både fjell- og sjøhytter. Populære hytteområde er Gullingen, Jelsa, Ropeidhalvøya og området rundt Suldalsosen. Me anslår totalt 233 000 hyttegjestedøgn, der 166 000 er ved fritidsboligar med eierskap utenfor regionen, og 67 000 gjestedøgn ved fritidsboliger eigd av personar som bur i Suldal.
  • Tilreisande hadde eit samla forbruk i Suldal på 208 millioner kroner i 2017. Me reknar at dei 208 millioner kronene i reiselivsrelatert omsetning bidreg med til saman 120 millioner kroner i lokal verdiskaping i 2017.
  • Vi reknar at reiselivsaktiviteten bidreg til å sysselsette ca. 200 personar i Suldal.

    Leave Your Comment Here