Loading Content..

Reiselivets verdiskaping i Suldal aukar med 22%

Ut på tur. © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Dei nyaste tala på reiselivets verdiskaping i Noreg blei nyleg lansert av Innovasjon Noreg. Til saman har reiselivet i Suldal i 2018 stått for ei verdiskaping på 68,183,000 kroner i 2018, noko som er ei oppgang på 22% frå året før. I 2017 hadde ein ei verdiskaping på 55,906,000 kroner og i 2016 enda ein på 44,139,000 kroner.

Også nabokommunane til Suldal ser ei sterk auke i reiselivet over det siste året, med Hjelmeland, Sauda og Vindafjord med ei verdiskaping på omtrent 28 millionar kroner per kommune. Roglaland har samla ei auke på 6% det siste året med ei total verdiskaping på 4,6 milliardar kroner. Odda kommune har eit resultat på 60 millionar kroner.

Innovasjon Norge kan vidare rapportere at endeleg tal på reiselivets verdiskaping i landet i 2018 er 91,5 milliardar kroner, noko som er ei auke på seks milliardar frå året før og 10 milliardar frå 2016. Den største auka er i serveringsverksomheita. Verdiskaping blir rekna som bedriftenes omsetning minus kjøpe varer og tenestar.

Les heile rapporten her

    Leave Your Comment Here