Loading Content..

Rekruttering

Lurer du på kva du skal bli når du blir vaksen eller kva utdanningar det vil vera behov for i framtida? Eller kanskje kva utdanningsmoglegheiter eller læreplassar som finst i vår region? Er du ei verksemd som lurer på korleis du skal koma i kontakt med framtidas arbeidskraft?

Me i Suldal Vekst brenn for å knyte næringslivet opp mot born, ungdommar og unge vaksne i regionen vår for skape ein vinn-vinn situasjon mellom framtidas arbeidskraft og næringslivet i vår region. Prosjekta er utvikla i samband med ulike skular, utdanningsinstitusjonar, kommunane, utvalde butikkar og fleire.

Klikk deg fram i menyen vår «Rekruttering» for å lese meir om dei ulike prosjekta våre og korleis den kan hjelpe deg som søker etter skule eller jobb, som utdanningsinstutisjon som ønskjer å synleggjere moglegheiter til dine elevar eller som næringsliv som ønskjer å vera på arenaer der du kom i kontakt med elevar, lærlingar og arbeidssøkjande.