Bli målbedrift

Gjennom det nasjonale næringshageprogrammet har Suldal Vekst ekstra fokus på bedrifter og etablerarar med utviklingspotensial. Desse bedriftene kallast for målbedrifter og har ein eigen utviklingsavtale med næringshagen.
Som næringshagebedrift bidrar du til å styrke eit regionalt kompetansemiljø for næringsutvikling, og legg grunnlaget for arenaer og klynger for samarbeid og utvikling.
Det nasjonale næringshageprogrammet har følgjande målsettingar:
- Leggje til rette for bedriftsetableringar, vidareutvikling og vekst i eksisterande bedrifter.
- Leggje til rette for auka verdiskaping i målbedriftene.
- Bidra til økonomisk meirverdi for målbedriftene.
- Bidra til å lette tilgang til internasjonale marknader og samarbeidspartnarar for målbedriftene.
- Bidra til kopling til relevante nettverk , regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Små og mellomstore bedrifter kan bli målbedrifter i næringshageprogrammet til Suldal Vekst gjennom å teikne ein utviklingsavtale. Denne avtalen gir bedrifta di tilgang på nettverk og dei ressursane næringshagen har tilgjengeleg til ei kvar tid, du vil få ein fast kontaktperson i næringshagen og bedrifta vil kunne motta rabatterte innovasjonstenester. Du blir dermed ein del av Næringshagen i Suldal sitt nettverk for næringslivet, og ein del av Siva sitt nasjonale nettverk. Her er er lita oversikt over noko av det du som næringsbedrift får:
Årleg utviklingssamtale
Tilbod om årleg gjennomgang av verksemda si status og utviklingspotensial saman med din faste rådgjevar. Tilbod om 6 timar årleg bistand frå næringshagen. Kostnadsfritt.
Kompetanse Forum
Gratis deltaking/rabatterte prisar på alle møte, kurs, workshops, studier og andre arrangement i næringshagen sin regi.
VekstProgrammet
Bedrifts- og leiingsutviklingsprogram over 8 mnd med fokus på vekststrategi for selskapet.
Kostnadsfri profilering
Gratis profilering på næringshagen si nettside og andre digitale flater.
Rabatt på utviklingssamtale
Inntil 50 – 75 % rabatt på ordinær timepris. Nyetablerte bedrifter kan få inntil 75 % rabatt. Rabatten er avhengig av oppdraget, og blir avtalt i kvart enkelt tilfelle.
VekstSporet
Metodisk gjennomgang av forbetringspotensial innan områda Leiing/Strategi, Produkt/tenester, Sal og marknadsføring, Digitalisering, Berekraft og Internasjonale moglegheiter.
VekstPartner (mentorprogram)
Månadleg samtale med sparringpartnar innan leiing/styrekompetanse.
Du kan lese meir om våre målbedrifter her. Du må også gjerne ta kontakt med oss for meir informasjon om næringshageprogrammet på post@suldalvekst.no.