Loading Content..

Styrebank

Suldal Vekst har etablert ein styrebank, der ein kan finne dyktige og relevante styremedlemmer. Styrebanken vår inneheld mange personar med brei erfaring frå leiing og styrearbeid i mange bransjar.

Formålet er å tilby private og offentlege bedrifter i Suldal eit breitt og fagleg utval av styrekandidatar, styrke kompetanse og stimulere til auka nettverks- og relasjonsbygging.

For bedrifter
Treng du å rekruttere nye styremedlemmer til styret ditt? Me kan hjelpe deg med å finne dei beste styrekandidatane til bedrifta di ut frå kva behov du måtta ha for kompetanse, erfaringar og mangfald.

For styrekandidatar
Ønskjer du å vere del av vår styrebank? Me vil gjerne styrke styrebanken vår med kvinner og menn med kvalifikasjonar som næringslivet vårt kan dra nytte av. Har du kompetanse innan strategi, marknadsføring, nettverksbygging, personal, jus eller annan spennande kompetanse, er du velkommen til å ta kontakt med oss for å registrere deg i styrebanken vår!

Styretrainee
Mange bedrifter vel styremedlemmer dei kjenner frå før, eller ein finn styremedlemmer i kjente nettverk. Det kan gjere det vanskeleg å for nye å få tilgang til styreverv. Difor har me etablert ein styretraineeordning, der bedrifter kan «prøve ut» potensielle styremedlemmer over ein periode. Samstundes vil styretraineen få høve til å skaffe seg verdifull erfaring frå styrearbeid.

Ta kontakt med oss anten du er nysgjerrig på om du kan bli ein styretrainee eller om du ønskjer å invitere ein styretrainee inn i styrerommet ditt!


    Leave Your Comment Here