Loading Content..

Prosjekt

Bruk Suldal Vekst som ein ressurs i ditt prosjekt

Suldal Vekst jobbar med mange prosjekt som prosjektleiar, bidragsytar og rådgjevar. Anten de ynskjer å få fagleg input for entreprenørskap i skulane, arrangere kurs i bedriftsleiing eller skal halde eit arrangement kan me vera til hjelp.

Prosjektleiing

Kurs

Prosjektutvikling

Arrangementutvikling

Jobbar du med eit spanande prosjekt? Ta gjerne kontakt med oss på post@suldalvekst.no.

Eit utval av dagens prosjekt

Suldal Vekst jobbar kontinuerleg med ulike prosjekt. Me jobbar med prosjekt som spring ut frå privat og offentleg næringsliv, privatpersonar og også prosjekt som me sjølv tek initiativ til.

Her kan du lese meir om prosjekt me er involverte i:

Rekruttering

Suldal Vekst har fleire rekrutteringsaktivitetar gjennom året. Mellom anna har me stort fokus på å koble næringslivet til ungdommane våre som del av ein langsiktig rekrutteringsstrategi.

Læring i Næring ; Ei investering i framtida
Suldal Vekst har hovudansvar for å utføra Læring i Næringsprosjekt kvart år i samarbeid med privat næringsliv og Suldal kommune. Læring i Næring er eit tilbod til ungdom i 9. trinn der dei får moglegheit til å søkja praksisplass over 37,5 timar  i ulike lokale bedrifter, for å gi ungdom i Suldal kjennskap til lokalt næringsliv og ulike yrkesretningar. Opplegget er frittståande frå skulen og praksis skjer på fritida då prosjektet skal vera eit tillegg til den yrkesrettleiinga som vert gitt i skulen. Bedriftene i Læring i Næring gir ungdomane ein sjans til å ”prøva ut” enkelte fagområde, få arbeidserfaring, knyta kontaktar mot framtidig arbeid. Ei målsetting er langsiktig rekruttering til lokale bedrifter.

Ved å vera med på prosjektet får bedrifta di positivt omdøme i lokalsamfunnet, marknadsføring av eiga bedrift, de fremjer interesse for faget, de skaper nettverk og de kan vera med på å påverke yrkesval blant ungdommen. De får også sabil og dyktig arbeidskraft for sommarjobb/helgearbeid og rekruttering på lang sikt.

Vil du vita meir eller ynskjer å vera med til neste skuleår? Ta kontakt på post@suldalvekst.no.

Læring i Næring – Foto: Marit Larsen


Visit Suldal:
Profilering, marknadsføring og drift av Suldal Turistkontor

Turistkontoret i Suldal er autorisert som eit «grønt» turistkontor. Dette betyr heilårleg drift og gjester er sjølvsagt velkomne heilt året! På oppdrag frå Suldal kommune har Suldal Vekst ansvar for vertskapsrolle og driftar Suldal Turistkontor. Me arbeidar også med kommunikasjon og profilering av Suldal som eit reisemål gjennom utvikling og vedlikehald av nettside, sosiale medier og andre distribusjonskanalar, utvikling av kommunikasjonsstrategiar og samarbeid ut mot regionale og nasjonale destinasjonsselskap og kommunikasjon med reiselivsbedrifter og næringsliv. Som vertskap arbeidar me med utvikling av aktivitetar og arrangement, marknadsføring og kurs. Som del av vertskapsrolla har me også mange pressebesøk i løpet av eit år.


Besøk nettstaden til VisitSuldal her.

Berekraftig Reisemål

Suldal er i gang med å kvalifisere seg som eit Berekraftig Reisemål. Suldal Vekst er ansvarleg for arbeidet. Dette betyr å arbeide for at både destinasjon, lokalmiljø og reiselivsnæring skal ta vare på miljø, lokal kultur og sosiale verdiar, og signaliserer at ein er i gong med eit langsiktig arbeid for auka berekraft. Målet er å sikre positiv utvikling og gode opplevingar for lokalbefolkning, reiselivsbedrifter og gjester.

Merkeordninga er i regi av Innovasjon Norge og er eit verktøy for å systematisere arbeidet med berekraft på eit reisemål, der reiselivsnæringa er pådrivar for å styre reiselivsutviklinga i rett retning. Her kan du lese meir om Merket for Berekraftige Reisemål.


Discovery Route®: Historisk rute i ny drakt

«Discovery Route» ® er ei reiserute som går gjennom den sørlegaste delen av Fjord Norge, via Ryfylke og Hardanger, frå Stavanger til Bergen. På 1800-tallet blei dei første organiserte reiserutene til Vestlandet seld som «Discovery Route» av reisebyrået Thomas Cook og «The New Inland Route» av Stavanger Turistforening. Reiseruta var den gong kjent som The Best of Norway. No kan du oppleve den historiske reiseruta i ny drakt.

Discovery Route ® er eit ektefødt barn av næringshagen, og revitaliseringa av Discovery Route ® kom som resultat av eit forskingsprosjekt for kulturbasert reiseliv i 2009, der dei største reiselivsbedriftene i Suldal var representert. Sidan denne tid har bedriftene arbeidd saman med Suldal Vekst om å utvikle spennande turar og opplevingar, og teljer no heile 19 partnarar frå Stavangerregionen, Ryfylke, Hardanger, Voss og Bergen. Prosjektet er organisert som eit bedriftsnettverk og har støtte frå Innovasjon Norge.

Besøk sida til Discovery Route® her.