Loading Content..

Suldal Næringsforening

Blom © Skattkammeret Suldal. Foto: Anne Lise Norheim

Suldal Næringsforening er ein organisasjon for bedrifter, organisasjonar og næringsdrivande i Suldal kommune.

Føremålet til Suldal Næringsforening er å utvikle næringslivet og ivareta fellesinteressene til næringslivsaktørar i Suldal. Foreininga skal vere partipolitisk nøytral.

Suldal Næringsforening skal:
• Arbeide for attraktive næringspolitiske rammevilkår
• Arbeide for samferdsel og anna konkurranse-dyktig infrastruktur
• Synleggjere og aktivt bidra til positiv marknadsføring av kommunen og medlemmar
• Arbeide for målretta kompetanseheving

Suldal Næringsforening har to ressursgrupper som jobbar med bransjespesifikke spørsmål; Sandsgruppa for medlemmer som driv handel og/eller næringsverksemd i kommunesenteret Sand. Reiselivsgruppa for medlemmer med reiselivs-relatert verksemd. Desse gruppene har eigne styrer og retningslinjer dei arbeidar etter. Alle medlemmane i ressursgruppene har hovudmedlemsskapet sitt i hovudforeininga.

Reiselivsgruppa

Reiselivsgruppa er organisert som ei ressursgruppe under Suldal Næringsforening med eige styre og retningslinjer. Føremålet til reiselivsgruppa er å arbeide for å fremja turistnæringa og utvikle turist- og reiseliv i Suldal kommune.

Sandsgruppa

Sandsgruppa er organisert som ei ressursgruppe under Suldal Næringsforening med eige styre og retningslinjer. Sandsgruppa har som føremål å fremja handelsnæringa på Sand sine interesser, og å driva felles aktivitetar og reklametiltak for handels- og servicenæringa på Sand.

Sandsgruppa har ein koordinator-ressurs som sentrumsleiar i 50 % stilling. Sentrumsleiaren fungerer som administrator og tilretteleggjar for arrangement, herunder Ryfylkedagane, jule- og påskeaktivitetar, o.a. enkeltarrangement i kommunesenteret

Styret

Suldal Næringsforening – hovudstyret
Leiar:
Olav Lindseth
Tel: 915 77 036 E-post: post@energihotellet.no

Øvrige styremedlemmer:
Terje Bjørndal
Einar Gråberg
Dag Fisketjøn
Norunn N Nerheim

Varamedlemmer:
Ole Ragnar Helland
Tor Bjarne Smedsrud

Reiselivsgruppa
Leiar:
Terje Bjørndal
Tel: 940 10 040 E-post: post@kulp.as

Sandsgruppa
Leiar:
Norunn N. Nerheim
Tel: 481 24 477 E-post: bustad1999@gmail.com

Sekretariat
Suldal Vekst AS
Sandsvegen 134, 4230 Sand
Tel: 52 79 06 00 E-post: snf@suldalvekst.no