Loading Content..

Suldal Vekst etablerer næringshagetilbod i Hjelmeland kommune

– Me har allereie fleire bedrifter som har inngått samarbeid med oss gjennom Næringshageprogrammet, seier Alf Aadnøy.  Aadnøy er forretningsutviklar i Suldal Vekst AS, og ser fram til å kunne vere meir til stades i Hjelmeland og bli betre kjent med næringslivet her. Gjennom eit godt og konstruktivt samarbeid med Hjelmeland kommune ligg no alt til rette for at utviklingsorienterte bedrifter i Hjelmeland kan ta del i det nasjonale Næringshageprogrammet. 

Plan og forvaltningssjef Haldis Karine Nilsen i Hjelmeland kommune tykkjer det er bra at næringshagen no vert meir tilgjengeleg for bedrifter og etablerarar i Hjelmeland. – me opplever aukande pågang av folk som har planar både om nyetableringar og for utvikling av eksisterande verksemd. Det er flott å få på plass meir ressurs på dette feltet!

Rådgivar ved seksjon for næring i Rogaland Fylkeskommune, Heidi Skifjell, er glad for den geografiske utvidinga av aktiviteten til Suldal Vekst som frå før har næringshageaktivitet i Suldal og Sauda. Siva har operatøransvar for programmet og fylkeskommunane har frå 2020 overtatt oppdragsgivaransvaret frå staten. 

 – Rogaland Fylkeskommune ser det som svært positivt at bedrifter og næringsliv i Hjelmeland kommune får tilbod om aktivitetar som Suldal Vekst tilbyr gjennom det nasjonale næringshageprogrammet, seier Skifjell. 

Kjerstin Spjøtvoll, innovasjonsdirektør i Siva, uttalar at Siva ser positivt på arbeidet som Suldal Vekst gjer for at bedrifter i Hjelmeland skal få tilgang på næringshagetenester. Denne satsinga vil styrke næringshagetilbodet i Ryfylke ytterlegare. 

Kva er ein næringshage?
Ein næringshage er eit innovasjonsselskap som tilbyr bedriftene tenester som bedriftsrådgiving, hjelpe til utvikling av forretningsidear, marknadsplanlegging, nettverksbygging, internasjonalisering og andre utviklingsrelaterte oppgåver til ein subsidiert kostnad. Næringshage skal vere ein aktiv tilbydar og tilretteleggjar av kompetanse, nettverk og infrastruktur, samt vere ein god møteplass og samhandlingsarena for bedriftene. Ei viktig oppgåve for næringshagen er å koble bedriftene opp til relevante fagmiljø, FoU-miljø, andre innovasjonsselskap, investeringsmiljø, samt offentleg verkemiddelapparat. 

    Leave Your Comment Here