Loading Content..

Suldalskortet

Suldal Næringsforening har utarbeida ei gåvekort- løysing som ein vil presentera til allment bruk for næringslivet og kommunale selskap i Suldal.

Kortet vert drifta og etablert av Suldal Næringsforening og målet med Suldalskortet  er at skal det skal bidra til økt omsetnad og god merkevarebygging for alle næringar i Suldal. 

Du treng ikkje væra medlem i Suldal Næringsforening for å væra med på denne løysinga. Det finst og ei løysing til å vera med om du ikkje har bankterminal og eller kassasystem. Send ein mail til snf@suldalvekst.no om dette gjeld deg.

Etableraravgifta er lik for alle næringar i Suldal kommune. 
Etableraravgifta er ein eingongssum, som går til:

  • Finansiering til etablering av sjølve systemet
  • Innkjøp av fysiske gåvekort 
  • Marknadsføring av Suldalskortet. 

Avgifta er pålydande 1000kr.

Me har tru på at Suldalskortet vil visa mangfaldet Suldal har å tilby innan handel, næring, attraksjon og aktivitet. Suldalskortet vil også bidra til merkevarebygging, positiv utvikling og auka lokal handel.

Kostnad for deg og di bedrift;

Etableringsavgift: kr 1000,- 

Ved kjøpstransaksjon (når ein kunde brukar gåvekortet i di bedrift); 

2% for medlem i Næringsforening 

4% for dei som ikkje er medlem i Suldal Næringsforening

T.D  ein kunde brukar 1000kr i gåvekort hos deg vil 40kr (det vil seie  4%),  gå til Suldal Næringsforening til drift av systemet . Kunden kan vera ein kunde du elles ikkje hadde hatt på besøk hjå deg. 

Gåvekortløysinga vil væra ein  marknadsføringskanal  for deg og di bedrift og me vonar dette m.m. vil gi eit løft på inntening og synleggjering av nettopp di bedrift og ei merkevarebygging av heile Suldal.

Gåvekorta kan kjøpast på nett – via nettsida visitsuldal.no og i fysiske utvalde butikkar/bedrifter.

Me ynskjer minimum ein utsalsstad i kvar grend, og det er og mogleg å sette seg opp som utsalsstad for gåvekorta i innmeldingsskjemaet. 

Kundens bruk
Kunden kan bruke kortet så mange gonger ein vil så lenge det er dekning på kortet.

Minimumsbeløp: 100 kr.
Maksimumsbeløp: 10,000 kr. 
Varigheit tre år. 
Opplading eksisterande kort: 1 gong totalt pr. kort.

Grundig opplæring av systemet vil bli gitt. 

Har du spørsmåla eller noko du lurer på rundt Suldalskortet tar du kontakt med Suldal Vekst, Maren Landsnes, maren@suldalvekst.no eller tel: 47234541.