Loading Content..

Suldalsstandarden

Kva er det som er unikt med villreinstamma i Suldal? Kva turistopplevingar finn ein i dei ulike grendene våre? Kvar finn ein legevakta eller næraste hjertestatar? Kva sit gjestene igjen med etter at dei har vore på besøk hjå deg?

Suldalsstandarden er eit felles kompetanseheving og kvalitetssikringsprogram for alle aktørar som er i kontakt med besøkjande og gjester i Suldal kommune. Målet er å sikre auka verdiskaping i kommunen vår og å styrkja kundeopplevinga på tvers av reisemålet. Som ein del av dette programmet tilbyr me di verksemd ulike tenester.

Vertskapskurs

Suldal Vekst tilbyr å koma til di verksemd for å halde eit vertskapskurs på 1,5 time. Her vil de få ei innføring i korleis reiselivsnæringa i Noreg er strukturert på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå, og vidare kva dette har å seie for arbeidet i Suldal. Ein vil også bli betre kjend med merkevara Visit Suldal, og på kva måte ein som vert eller verksemd kan ta i bruk informasjonen og tilboda som Visit Suldal sine kanalar tilbyr. Ein vil også bli betre kjend med eigen kommune med informasjon om kulturminne, verneområde, naturopplevingar og dei ulike reiselivstilboda. Kurset kan haldast på norsk og engelsk.

Pris: 1000 for medlem/2500 for ikkje-medlem

KICK OFF

I forkant av sommarsesongen arrangerer ein eit felles seminar for alle i ein vertskapsfunksjon i kommunen. Her presenterer ulike aktørar frå reiselivet i Suldal og frå nabokommunane våre kva som er nytt for sesongen. Målet for samlinga er å bli betre på å selje inn tilboda i kommunen, få styrkja kunnskap om tilboda som eksisterer på tvers av næringar og grender, å få betre kjennskap til kvarandre og å få ny inspirasjon å ta med seg inn i hovudsesongen. Dato og program for KICK-OFF blir lansert i Suldal Vekst sine kanalar i god tid før sommarsesongen.

Kvalitetssikring

Suldal Vekst har inngått eit samarbeid med ulike aktørar innanfor kvalitetssikring av besøksopplevingar tilpassa ulike næringar. På denne måten ønskjer me å tilby di verksemd ei kartlegging av besøksopplevinga hjå di verksemd og ei konkret tilbakemelding rundt kva utviklingspotensiale ein har. Aktøren me knyt deg opp mot er avhengig av kva bransje du høyrer til og kva du ønskjer å få ut av programmet. Ta kontakt med oss på post@suldalvekst.no for meir informasjon om kva me kan tilby di verksemd.

Suldalsstandarden er eit samarbeid mellom Suldal kommune, Suldal Næringsforening og Suldal Vekst. Arbeidet er ein del arbeidet som eit merka «Berekraftig reisemål». Denne merkeordninga er Innovasjon Noreg si nasjonale ordning for destinasjonar som ønskjer å arbeide strategisk og målretta med å sikre berekraftig utvikling av reiselivsnæringa.