Loading Content..

Tilgjengelege for næringslivet i møte med dagens korona-situasjon

Verda, Noreg og våre flotte kommunar står nå i ein vanskeleg situasjon der me alle må gjera store endringar i våre private liv og våre bedrifter for å vera med på Noregs beredskap, og bidra til å hindre vidare smitte og for å verne om sårbare grupper.

Situasjonen pregar næringsliv, bedrifter og aktivitet sterkt og gjer at me nå står i ei vanskeleg, uoversikteleg og uforutsigbar tid der me må ta tøffe val – også i indre Ryfylke.

Suldal Vekst jobbar tett opp mot Næringshagane i Norge, SIVA, fylkeskommunen og kommune for å kunne støtte opp om bedrifter og næringslivet i regionen vår. Situasjonen er ny for alle, og det skjer raske endringar kvar dag, og det er stadig ny informasjon og nye tiltak for å støtte opp om næringsliv og aktivitetar i landet vårt.

Suldal Vekst er tilgjengeleg som samtalepartnar i denne vanskelege situasjonen, og me oppmuntrar deg til å ringe oss for å vera til hjelp med mellom anna:

  • Kva tiltak bør ein som bedrift ta i dag? På kort sikt og på lenger sikt?
  • Kva verkemidlar finst?
  • Andre praktiske spørsmål.

Suldal Vekst har heimekontor inntil vidare for å vera med på å hindre smitte i samfunnet, men er til ei kvar tid tilgjengeleg via epost og telefon. Kontaktinformasjon til våre bedriftsutviklarar og andre tilsette finn du HER.

    Leave Your Comment Here