Loading Content..

Tolv produksjonsbedrifter deltok i DigiFab 4.0

Kva gjer di verksemd for å følgje den teknologiske utviklinga? Korleis arbeider de med å få effektivisere produksjons- og arbeidsprosessane dykkar? Kva kunnskap har ein om ulike teknologiar? Korleis tenkjer ein rundt nye forretningsmodellar og strategi? I kva og korleis skal ein investere i framtida? Gjennom DigiFab 4.0 har tolv produksjons- og industriverksemder i regionen hatt eit spesielt fokus på desse spørsmåla.

Ny teknologi er ofte retta mot og brukt av store verksemder, men teknologiske gjennombrot, inovasjonar i datahandsaming og kobling via internett gjer eit skifte til Industri 4.0-nivå mogleg også for SMB bedrifter.

Industri 4.0 blir nytta om evolusjonen som no skjer der eksisterande teknologi blir knyta saman på ein ny måte for å bidra til auka effektivisering og kostnadsreduksjon. I denne prosessen er digitalisering og integrasjon sentralt for å sikre auka effektivisering og kostnadsreduksjon for verksemder, samstundes som ein skaper nye forretningsmodellar og kundeplattformer. Denne evolusjonen byr mellom anna på store moglegheiter for industri- og produksjonsbedrifter som ønskjer å tilby betre produkt og nytte seg av nye modellar.

Konseptet DigiFab er resultat av eit forskingsprosjekt der mellom anna Sintef, NTNU, fleire universitet og leiande industrielle miljø har gjennomført. Det er gjennom forskingsprosjektet etablert programmet Smart Produksjonsvekst for å gjere overgangen til digital fabrikk rimeleg og gjennomførbar for SMB-bedrifter.

I samarbeid med Q3 Partner har næringshagane Suldal Vekst og Rogaland Ressurssenter gjennomført DigiFab 4.0. DigiFab 4.0 er eit prosjekt som er utvikla for industriverksemder som ønskjer å skape eit vegkart mot Industri 4.0. Her er ein gjennom område som kompetanseheving, berekraft, digitalisering, informasjonsflyt,  SMARTE produksjonsprosessar, -planlegging og -styring. Dei siste fem månadene har tolv produksjons- og industriverksemder i regionen gått gjennom dette programmet. Det har vore månadlege samlingar med ulike tema på vegen mod Industri 4.0. Frå Suldal og Sauda har fem verksemder delteke. Siste samling blir gjennomført i desse dagar der prosjekta vil bli kopla med verkemiddelapparatet for vidare finansiering av planar.

Programmet er støtta av Rogaland Fylkeskommune, Sparebanken Vest, Siva og Suldal kommune.

    Leave Your Comment Here