Loading Content..

Ulla Førre Næringsfond: Retningslinjer for lån/støtte

Ulla Førre Næringsfond vart oppretta i 1974, som ein kompensasjon til Suldal kommune for ulempene kraftutbyggjinga i samband med Ull Førre påførte Suldal kommune. Fondet skal nyttast til å fremja etablering og vidareutvikling av næringsverksemd, samt tiltak som fremjer busetnad i Suldal kommune. Det vert gitt tilskot og lån frå fondet.

1. Retningslinjer/praksis for tildeling av lån/støtte

  • Det skal leggjast vekt på å vurdera risiko i økonomivurderinga.
  • Det skal også leggjast vekt på vurdering av arbeidsplasspotensialet.
  • Det kan søkjast toppfinansiering med høgare risiko frå fondet – praksis med 3-delt finansiering – eigenkapital/ordinært lån/næringsfondslån.
  • Avdragsfritt 3-5 år, men rentefritt kun i eitt år.

2. Søknadsfristar: 1. januar – 1. mai – 1. september

3. Nystarta bedrifter kan få etableringstilskot på inntil kr. 50.000. Tilskotet kan dekka inntil 50 % av oppstartsutgiftene. Tilskotet vert utbetalt ved innlevering av kvitteringar på utlegg.

4. Det kan søkjast støtte til å tilretteleggja for universell utforming av butikkar/verksemder. Det kan gis støtte med inntil kr. 100.000. Tilskotet vert utbetalt ved innlevering av kvitteringar for utlegg.

5. Bedrifter/enkelmannsforetak kan få inntil kr.25.000 til kompetansebygging. Tilskotet skal dekka reelle utgifter som kursavgift/kursleiar, reis og opphald. Ikkje løn. Det kan søkjast om tilskot maksimalt kvart 5. år for den einskilde bedrift/enkeltmannsforetak.

6. Samla støtte frå kommunen skal telja med i vurderinga, dvs tilskot vert ikkje gitt dersom det er gitt tilskot frå andre kommunale støtteordningar som Suldal kommunale næringsfond eller frå landbruksmidlane.

7. Støtta i pkt 3,4 og 5 kan kommunedirektøren løyva administrativt dersom vilkåra er til stades. Alle administrative vedtak vert meldt fondsstyret til orientering.

Merk! MEd unntak av lånesøknader til fondet, kan andre søknader sendast uavhengig av søknadsfristane – dette gjeld for tilskotsordningar i pkt 3, 4 og 5 over.

Styret for Ulla Førre Næringsfond er formannskapet i Suldal.

Søknader vert å sende til postmottak@suldal.kommune.no

Les meir om Ulla Førre Næringsfond og vedtekter for fondet på Suldal kommune sine nettsider.

    Leave Your Comment Here