Loading Content..

Ung gründer

I skuggen © Skattkammeret Suldal. Foto: Anne Lise Norheim.

Me har trua på at det er deg som ung som har dei beste føresetnadane for å vite kva løysingar me treng for å møte framtida.

Verda slik me kjenner den er i ferd med å endre seg. Teknologi knyt seg tettare og tettare på liva våre, klimautfordringar kan ikkje lengre bli ignorert og FNs tusenårsmåls viser felles mål me som ei verd har satt oss. Desse enorme utfordringane byr også må store moglegheiter, og me har trua på at det er deg som ung som har dei beste føresetnadane for å vite kva løysingar me treng for å møte denne framtida, og me vil gjerne vera med deg på å få din idé ut ved å dra nytte av vårt nettverk og kompetanse.

Mark Zuckerberg starta Facebook når han gjekk på universitetet, den norske Wordfeud gründeren starta selskapet sitt ved å lære seg å kode frå rommet heime og Brow Rehab gründer Silje Lyngstad Noreng starta selskapet sitt etter at ho fekk ein god idé på utanlandsopphold i Australia. Ungdom og unge vaksne har kanskje dei beste føresetnadane for å ta steget med å starte si eiga bedrift. Ein kan starte dette som eit prosjekt ved sidan av skule eller jobb, ein kan sakte bygge opp selskapet og inntektene og ein får fantastisk erfaring og kunnskap som ein kan ta med seg vidare i livet.

Det er viktig å hugse på at det å skape ei bedrift er hardt arbeid og krevjer mykje av deg som person, men om du har trua på din idé og er villig til å jobbe hardt for å få det til er alle moglegheiter opne.

The secret of getting ahead is getting started.

Sally Berger

Har du ein god idé du trur verda kan dra nytte av? Me vil gjerne høyre frå deg slik at me saman kan finne utav korleis me kan hjelpe deg på vegen. Ta kontakt på post@suldalvekst.no.