Loading Content..

Utviklar oppdretts-teknologi

Askvik Aqua utviklar stadig ny teknologi for oppdrettsnæringa. Deira system for elektrobedøving av fisk tar dyrevelferd på alvor. 

Bedrifta Askvik Aqua vart etablert for å utvikle ny teknologi til utfordringar som dukka opp i oppdrettsnæringa, då er det slett ingen ulempe å ligge sentralt plassert med kontor på Viganeset i oppdrettskommunen Hjelmeland. 

– Det er klart det er mykje god erfaring frå bransjen i denne kommunen. Og me har eit nettverk her, det betyr mykje, seier dagleg leiar Steffen Kildal som sjølv har over 20 år med erfaring frå bransjen. 

Sjølv er Steffen nett komen tilbake frå den nystarta oppdrettsmessa HavExpo i Bergen. Etter nokre år der oppstarten av messa vart utsett på grunn av korona kunne dei endeleg samle fagfolk, oppdrettarar og aktørar frå næringslivet til messe denne våren. Steffen var på messa for å treffe potensielle kundar, knyte nettverk og ikkje minst vise fram produkt. 

– Me fekk vist fram bedøvingsteknologien vår, og det er alltid spanande å sjå kva folk meiner, og om interessa er stor. Det var i alle fall mange innom, det er eit godt teikn, det var ein god arena å vise det fram på. 

Bedøvingsteknologien til Askvik Aqua sikrar at fisken raskt blir medvitslaus, før den blir avliva. Denne teknologien blir også utøvd direkte i vatn, utan at fisken treng å vere einsretta.

– Det blir stadig større fokus på dyrevelferd i samband med avliving av fisk. Det er noko me og er opptekne av, og med denne løysinga vil fiske oppleve langt mindre stress før den døyr. Og kundane blir meir og meir opptekne av at dei ynskjer å vite korleis fisken har hatt det, og kor den kjem frå. 

Teknologien er testa ut både test – og produksjonsanlegg. Bedrifta har og allereie levert tre anlegg, og har to i produksjon. Det meste går nasjonalt, likevel har dei hatt interesse frå både Canada, Tyrkia og England, og ser at marknaden truleg er større enn dette landet. Sjølve produksjonen av anlegga får dei lokale bedrifter til å utføre i Ryfylke, sjølv tar dei seg av installasjon og montering ute hjå kunde. 

– Dette viser jo at det er interesse for norsk teknologi, ein må berre ha midlane og tida til å forske og få utvikla nye produkt, seier Steffen. 

Steffen er primusmotor i bedrifta saman med gründer og produktutviklar Rune Eritzland. Dei gjer mykje saman, det handlar om å knyte nettverk i bransjen, finne folk med rett kompetanse på rett plass og ikkje minst vite kva marknaden treng av teknologiske nyvinningar. Ein må vite kva problem som må løysast. 

– Me er ilag om dette, men me er og ulike. I  motsetnad til Rune så ligg eg ikkje å kvernar ut nye produkt 24 timar i døgeret. Han er god på å ikkje gi seg, og alltid stille spørsmål ved kva meir me kan få til. 

– Og det er jo faktisk slik at me gjer norsk matproduksjon meir berekraftig. Det er viktig at ein har tru på det ein gjer, å ha vikarierande motiv fungerer dårleg. Me ynskjer å løfte opp denne næringa, og ikkje minst gjere den betre. 

Ei av dei store utfordringane i næringa er lakselus, også dette har gjengen i Askvik Aqua forska på. Det siste produktet dei har lansert er ei not der ein fangar opp lus ved trenging av både aure og laks. Dersom ein skal avluse eller levere fisk til slakt må fisken vanlegvis trengast saman, før den blir pumpa opp i brønnbåt. Den finmaska lusenota skal her vere med på å fange opp lus slik at den ikkje blir symjande fritt i merden.

– Me er i gang med å få fagleg dokumentasjon på denne nota, men me ser jo at bransjen allereie etterspør den sjølv om dokumentasjonen ikkje er ferdig. 

Forsking viser at 60 prosent av lusa fell av fisken under trenging, målet med denne nota er å fange opp mest mogleg av det. Nota har Askvik Aqua utvikla i samarbeid med Bremnes Seashore, AKVA group, Egersund Net og OK Marine. I tillegg produserer også Askvik Aqua elektrofilter for avløp og vassinntak, også med mål om redusere luse-problemet. 

Askvik Aqua omsette i 2020 for 6,1 millionar kroner, og har i dag tre tilsette. Sistemann som er rekruttert inn er prosjektleiar Trym Eidem Meihack, noko dagleg leiar Steffen er godt nøgd med. 

– Me var kjempeheldige der, då fekk me ein driftig prosjektleiar som også har elektrobakgrunn og erfaring frå oppdrettsnæringa. No lyser me etter folk igjen, me veit at rekruttering av rett fagkompetanse kan vere ei utfordring, seier Steffen og viser til at bedrifta aktivt bruker sosiale medium og spesielt LinkedIn til rekruttering. 

Også denne gongen er det prosjektleiar dei er på leit etter, og då gjerne med bakgrunn frå elektronikk eller automasjon.

– Me vil gjerne ha inn folk som har ei interesse for havbruk, innovasjon og teknologi, slår Steffen fast.  

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar/Omega

    Leave Your Comment Here